Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

- Godt gjennomført øving

Beredskapsleiar Hans Olav Ose er nøgd etter onsdagens øving på massetilstrømning av pasientar til Ålesund sjukehus.

Publisert 20.10.2016
En rød lastebil parkert utenfor en bygning

Litt over halv elleve onsdag gjekk alarmen:  to bussar hadde kollidert i Lerstad-tunnellen, like ved Ålesund sjukehus.

Sjukehuset ble raskt satt i høgste beredskap.

Mange skadde og mykje trykk

I løpet av kort tid vart over 44 skadde frakta til sjukehuset med ambulansar. 14 av dei var alvorlig skadde og klassifisert som «raude». I tilleggg vart ni pasienter frakta til legevakta.

En gruppe mennesker på et sykehus

Skada passasjer blir behandla

- Det som var spesielt her var at hendinga skjedde like utanfor sjukehuset, så det er ein uvant situasjon å få inn så mange skadde på så kort tid. Det fløyt likevel bra til tross for lavt skydekke som hindra helikopteret i å transportere pasientar til andre sjukehus som nok hadde vore aktuelt, seier Hans Olav Ose, beredskapsleiar i Helse Møre og Romsdal.

Media, representert ved tredjeårs studentar frå journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda, var på plass med ein gong og sørga for fyldig dekning av hendinga noko som også la press på øvste leiinga i helseføretaket. To pressekonferanser ble haldt medan øvinga pågjekk.

- Slike øvinger er veldig nyttige fordi vi får testa beredskapsplanene våre. I tillegg synleggjer øvinga læringsmoment vi kan ta vidare for å bli betre neste gong noko slikt skjer, seier Ose.

En gruppe mennesker i et rom

Pressekonferanse med ass. dir Helge Ristesund og fagdirektør Odd Veddeng.


Forbetringspunkt

Øvinga vart avslutta klokka 13, og like etter var det eit raskt evalueringsmøte med avdelingane som hadde vore involvert. I evalueringsmøtet vart det peikt på fleire punkter for forbetring.

- Tilbakemeldingane går på registrering av pasientar og ikkje minst samhandlinga og kommunikasjonen sett opp mot ressursane ein har tilgjengeleg når slikt skjer. Den ser vi kan bli enda betre. Men totalt sett er vi godt nøgde med handteringa av pasientane, seier Ose.

Det oppstod også ei uønska hending i løpet av øvinga. Ein markør sin reelle pårørande vart kontakta av helsepersonell.

- Dette er sjølvsagt svært uheldig og skal ikkje skje i ei øving. Vi oppretta med ein gong ein avvikssak på dette og går no grundig gjennom kva som glapp i samband med kommunikasjonen opp mot pårørande når det gjaldt akkurat denne markøren, seier Ose som etter øvinga tok kontakt både med markøren og den pårørande.

En gruppe mennesker som sitter i et rom

Frå evalueringa etter øvinga