Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

- Vi har alt å tene på å jobbe godt med stadleg leiing

Organisasjonsutviklingprosjektet er i full gong i Helse Møre og Romsdal. Eit av delprosjekta er å finne ut korleis stadleg leiing skal sikrast.

Hege Hegle
Publisert 27.04.2016

En gruppe menn som sitter ved et bord
Styreleiar Stein Kinserdal (f.v) og Espen Remme under onsdagens styremøte.


Det har vore mykje merksemd rundt begrepet "stadleg leiing" etter at administrerande direktør Espen Remme gjekk inn for ein tverrgåande organisasjonsmodell i Helse Møre og Romsdal.

– Vi er nødt til å sjå det samla tenestetilbodet til 265.000 under eitt. Sjukehusa, rehabilitering, psykisk helsevern og rus må sjåast i ein samanheng. Også saman med dei private aktørane og kommunane, sa Remme da han orienterte under onsdagens styremøte.
 

Stadleg leiing vs stadleg fullmakt

Sjukehusa i helseføretaket har vore splitta i si oppfatning om kva slags organisasjonsmodell ein skal gå inn for. Felles for dei alle er at dei har løfta behovet for ein  tydeleg stadleg leiar.

– Vi er like avhengig av god stadleg leiing i våre sjukehus som i resten av landet. Det er viktig å hugse på at 240 av våre 260 leiarar er stadlege lokale leiarar. Opplevinga av å ikkje ha stadleg leiing heng også saman med mangel på stadleg fullmakt, sa Remme som inviterte dei ansatte på allmøter på alle fire sjukehusa i forrige veke.

Det fekk han skryt for i styremøtet.
 - Det er kjempeviktig å møte grasrota. Det må du fortsette med, sa styremedlem Jan Arve Antonsen.

Styreleder Stein Kinserdal fulgte opp tråden på stadleg leiing.

– Eg er glad for at helseministeren gir deg backing på dette. Det er underleg om det skal bli sånn at "one size fits all". Organisering er verktøykassa og vi har tidlegare understreka at vi har tillit til at ein administrerande direktør skal få organiserere helseføretaket slik han eller ho meiner ein er best tent med, sa Kinserdal.


Ny leiargruppe på plass frå mai

I starten av mai skal den nye leiargruppa på nivå to vere på plass (klinikksjefar og stabsdirektørar). Nokre av desse vil inntil vidare bli konstituert i stillinga til det er kjent om stillinga skal lysast ut internt/eksternt.
 
Den nye leiargruppa vil vere ein del av styringsgruppa til organisasjonsutviklingsprosjektet saman med administrerande direktør. Eit av delprosjekta omhandlar stadleg leiing.
 
– Vi er i full gong med å ha møte ute på sjukehusa for å høyre kva ein legg i omgrepet stadleg leiing. Det blir viktig å forankre ein slik funksjon på kvart sjukehus, seier Remme.
 
I løpet av august vil høyringsnotatet på organisering av nivå 3 og 4 (avdeling- og seksjonsnivå) bli sendt ut med svarfrist på ein månad. I begynnelsen av oktober blir det fatta ei beslutning på nivå 3 og 4.

Den nye organisasjonsmodellens skal etter plana vere verksam frå 2017.