11 legar tatt ut i streik frå måndag 3. oktober

Frå måndag 3. oktober er 11 legar, inkludert fagdirektør, tatt ut i streik i Helse Møre og Romsdal. Uttaket gjeld tilsette ved Ålesund sjukehus innan fagområda nevrologi, revmatologi, hud og medisin.

Publisert 28.09.2016
Sist oppdatert 11.10.2016

Tysdag 11. oktober

Det er totalt utsett 292 polikliniske konsultasjonar ved avdelingane hud, nevrologi og revmatologi. Dette gjeld veke 40 og 41. I tillegg til Ålesund sjukehus inkluderer det også polikliniske konsultasjonar ved revmatologisk avdeling, Kristiansund sjukehus, tysdag 11. oktober til torsdag 13. oktober, der revmatolog frå Ålesund sjukehus skulle hatt pasientar til kontroll.

Pasientar som har innkalling til time skal møte dersom dei ikkje har fått anna melding frå helseføretaket. Vi ringer til alle pasientane som får utsett time desse dagane, og pasientane vil få melding om ny time så snart streiken er slutt og vi får oversikt.

Streiken rammar ikkje barn, psykisk helsevern, rus, kreft eller ø-hjelp. 

Fredag 7. oktober

Vi har no utsett totalt 217 polikliniske konsultasjonar grunna streiken i Akademikerne. Utsettingane gjeld heile veke 40 + måndag og tysdag i veke 41 for avdelingane hud, nevrologi og revmatologi.

Onsdag 5. oktober

For veke 40 er det totalt utsett 167 polikliniske konsultasjonar i avdelingane hud, nevrologi og revmatologi grunna streiken i Akademikerne.

Vi minner om at pasientar som har fått innkalling til time skal møte som avtalt dersom dei ikkje har fått anna beskjed frå helseføretaket. Vi ringer alle pasientane som får utsett time desse dagane, og pasientane vil få melding om ny time så snart streiken er slutt og vi får oversikt.

Tysdag 4. oktober

Det er no totalt utsett 151 polikliniske konsultasjonar grunna streiken i Akademikerne. Utsettingane gjeld heile veke 40 for avdelingane hud og nevrologi, og til og med torsdag 6. oktober for revmatologi.

Måndag 3. oktober

Helse Møre og Romsdal har utsett 116 polikliniske konsultasjonar ved dei tre avdelingane revmatologi, hud og nevrologi, som følgje av streiken. Avlysingane gjeld for 3., 4. og 5. oktober. 

Vi ønskjer å gjenta at pasientar som har innkalling til time skal møte dersom dei ikkje har fått anna melding frå helseføretaket. Vi ringer til alle pasientane som får utsett time desse dagane, og pasientane vil få melding om ny time så snart streiken er slutt og vi får oversikt.

Streiken rammar ikkje barn, psykisk helsevern, rus, kreft eller ø-hjelp.  

Torsdag 29. september

Alle pasientar som har innkalling til time, skal møte som avtalt dersom ikkje anna beskjed er gitt. 

Vi tar no kontakt med pasientar som får utsatt time på grunn av streiken. Vi beklager at dette går ut over pasientane, og skal gjere det vi kan for at desse får ny avtale så fort som mogleg.  

Onsdag 28. september

Den pågåande streiken mellom Akademikerne og Spekter inkluderer no Helse Møre og Romsdal. Helseføretaket fekk varsel om uttaket tysdag kveld.

– Helseføretaket har ei beredskapsgruppe som fortløpande vurderer kva konsekvensar dette vil ha for pasientane våre, seier adm.dir. i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme. Han understrekar at vi har gode rutinar når det gjeld handtering av varsel om plassfråtreding, og at vi følgjer situasjonen nøye framover.

– Pasientar som har fått innkalling til time, skal møte til avtalt tid.  Dersom streiken får konsekvensar for pasientane, tar vi direkte kontakt med dei det gjeld, seier medisinsk fagsjef Mariann Hagerup Gammelsæther. Beredskapsgruppa vurderer fortløpande om streiken får konsekvensar for pasientane, og skal gi jamlege tilbakemeldingar og rapportering til Fylkesmannen, Spekter og via Helse Midt-Noreg til Helse- og omsorgsdepartementet. 

Vi oppdaterer saka i løpet av torsdag 29. september.  

Kontaktpersonar for media

  • Medisinsk fagsjef Mariann Hagerup Gammelsæther, telefon 70 10 50 00 (sentralbordet)
  • Kommunikasjonsdirektør Trine Kvalheim, telefon 454 65 680

For meir informasjon om streiken, sjå spekter.no