Ålesund: Delar av vegen inn til hovudinngangen blir stengd

I fire til seks veker framover blir delar av vegen inn til hovudinngangen på sørsida av Ålesund sjukehus stengd på grunn av arbeid med fasaden.  

 

​Parkeringsplassane for bevegelseshemmede ved hovudinngangen blir flytta til akuttmottaket.

Hovudinngangen kan brukast som vanleg, men det er ikkje mogleg å køyre heilt inntil.

Her ser du det avstengde området merka i raudt (pdf)

Arbeidet vil pågå mellom kl 07:00 - 19:00. Vi beklager ulempa dette medfører for våre pasientar, pårørande og tilsette.

Kontaktpersonar

Seksjonsleiar Leif Erling Løvoll, mobil 915 78 373

Rådgivar bygg og eigedom Odd Inge Bjørnsen, mobil 976 62 960