Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Streikefaren i ambulansetenesta er over

OPPDATERT SØNDAG 19.06. Streikefaren i ambulansetenesta er over.

Publisert 17.06.2016
Sist oppdatert 20.06.2016
Et gult fly på rullebanen


Laurdag kveld blei det tvungen lønnsnemnd mellom Lufttransport FT AS og flygarforeininga for pilotane på ambulanseflya (LTF).

Det bekrefta arbeidsminister Anniken Haugli for TV2  laurdag kveld.

Bakgrunnen er fare for liv og helse ved opptrapping av konflikta som ville medført at samtlege ambulansefly i Noerg hadde stått på bakken frå midnatt natt til søndag.

Ambulanseflya går som normalt.

 

Onsdag kl 20 blei det brot i tarifforhandlingene mellom Lufttransport FT AS og flygarforeininga for pilotane på ambulanseflya (LTF).

Helseføretaket er ikkje ein del av konflikten, men blir ramma som følge av at Lufttransport AS flyg alle ambulanseflya i Noreg.  I Helse Midt Noreg er Vigra base for ambulanseflyet.

Alternativ transport

Per no er to sjukmeldte pilotar tatt ut i streik. Men dersom partane ikkje kjem til einigheit, vil alle pilotar bli tatt ut i streik med verknad frå laurdag 18. juni kl 24:00. Det inneber at ingen ambulansefly vil vere tilgjengeleg for bruk frå det tidspunktet.

– Vi skal dekke befolkninga sitt behov for lufttransport ved akuttsituasjonar mens streiken er i gang. Derfor har vi no sett i verk kompenserande tiltak, seier fagdirektør Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal.

Dette betyr at i dei tilfella flyet blir rekvirert vil ein i staden bruke alternativ  transport. Anten med ambulansehelikopter eller ambulansebil.

– Besetninga på ambulanseflyet blir fristilt, slik at dei kan følge ambulansebilar ved behov, seier Veddeng.

Løpande dialog

I tillegg stiller Volda sjukehus med følgepersonell i ambulansebiltransport frå Volda til Ålesund. Molde og Kristiansund har ekstra beredskap på Gjemnes slik at dei kan bemanne ambulansebil for transport til St. Olavs hospital. Det vil vere følgepersonell frå anestesiavdelinga i Molde i denne bilen.

– Om det blir slik at streiken kan få konsekvensar for liv og helse, ventar vi at myndigheitene grip inn. Vi har no ein løpande dialog med Statens helsetilsyn via Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Erfaringa vi har frå før viser denne type streikar heldigvis ikkje blir langvarige, seier Veddeng