Anbefaler nytt produksjonskjøkken på Hjelset
Akuttsjukehuset som er planlagt på Hjelset bør innehalde eit produksjonskjøkken, det er innstillinga frå arbeidsgruppa som har arbeidd med kjøkkenutgreiinga for SNR-prosjektet. Kjøkkenalternativet som er anbefalt skal dekke føretaket sitt behov for matproduksjon i Nordmøre og Romsdal.
– Eit nytt kjøkken på Hjelset vil sikre eit godt og fleksibelt mattilbod av høg kvalitet. Matproduksjonen som er foreslått er framtidsretta og vil kunne bidra til effektiv drift, seier Jan Arne Hove, avdelingssjef for kjøkken og kantine i Helse Møre og Romsdal.
Hove har sjølv medverka i kjøkkenutgreiinga. Innstillinga frå arbeidsgruppa blir ein del av konseptrapporten som handsamas av styra i Helse Møre og Romsdal i november og Helse Midt-Noreg i desember.
Fem alternativ er utreda
SNR-prosjektet har i arbeidet med kjøkkenutgreiinga sett på fem alternativ for framtidig matproduksjon.
- Vidareføring av eksisterande kjøkkenet på Hjelset med matproduksjon for helseføretaket sine institusjonar i Nordmøre og Romsdal
- Nytt kjøkken på Hjelset med matproduksjon for helseføretaket sine institusjonar i Nordmøre og Romsdal
- Nytt kjøkken på Hjelset med matproduksjon for heile Helse Møre og Romsdal.
- Ombygging av eksisterande kjøkken ved sjukehuset i Ålesund med matproduksjon for heile Helse Møre og Romsdal.
- Sette ut kjøkkenfunksjonen til ekstern aktør
Utstyrs- og bygningsmessige investeringar
Alternativ 1: 48 mill.kr
Alternativ 2: 69 mill.kr
Alternativ 3: 78 mill.kr
Alternativ 4: 86 mill.kr
Alternativ 5: Vurdert som ueigna
– Alternativ 2 er mest hensiktsmessig både i forhold til matkvalitet, økonomi og samfunnsmessige omsyn . Kjøkkenet på Hjelset vil mellom anna kunne levere mat til Romsdalskommunar som allereie har teke initiativ til eit samarbeid, seier Mona Aagaard-Nilsen, drift- og eigedomssjef i Helse Møre og Romsdal
Drift ved eksisterande kjøkken
Om HMR og HMN går inn for arbeidsgruppa sin anbefaling så vil nytt kjøkken på Hjelset erstatte eksisterande sjukehuskjøkken i Nordmøre og Romsdal når akuttsjukehuset står ferdig i 2021/22. Drifta ved eksisterande kjøkken vil halde fram til løysingar for ei samanslåing er klar. Dette blir mellom anna handsama i arbeidet med organisasjonsutvikling i Helse Møre og Romsdal.
Kontaktpersonar
- Mona Aagaard-Nilsen, drift- og eigedomssjef i Helse Møre og Romsdal,
e-post: mona.aagaard-nilsen@helse-mr.no, tlf.: 416 43 020 - Guri Viken, kommunikasjonsrådgivar Helse Møre og Romsdal,
e-post: guri.viken@helse-mr.no, tlf.: 997 13 821