Avgjerdsgrunnlag for organisasjonsmodellen

I går presenterte adm.dir. Espen Remme ein ny overordna organisasjonsmodell for Helse Møre og Romsdal. Vil du lese meir om grunnlaget for avgjerda, så ligg dokumentet  og presentasjonen tilgjengeleg.

Publisert 31.03.2016

Leiargruppa kan kome frå heile føretaket

- Det er viktig å merke seg at leiarar i leiargruppa nivå 2 kan kome frå heile føretaket. Sjølv om ein har ei tverrgåande sentral leiargruppa, vil representasjon frå dei ulike institusjonar og sjukehus vere å føretrekke. Det må derfor ikkje forståast slik at deltaking i leiargruppa berre skal skje frå ei geografisk lokalisering, seier adm.dir Espen Remme.
 
Avgjerdsgrunnlag Organisasjonsutvikling HMR HF - del 1 (pdf)
Presentasjon av avgjerdsgrunnlag (pdf)

Stadleg leiing vil vere sentralt

Administrerande direktør gjer ei førebels vurdering på at stadleg leiing kan skje gjennom fordeling av lokalt sjukehusansvar ved at nokon av klinikksjefane får dette ansvaret. Alternativet er at ein legg til rette for eigen leiargrupper på dei respektive sjukehusa. Ein må uansett klare å handtere prinsippa om tverrgåande, lokal og einskapleg leiing i den vidare organisasjonsmodellen.

Direktøren understreker i notatet at ei fagleg felles leiing er viktig i kombinasjon med stadleg leiing.
Ny overordna organisasjonsmodell er klar

- Nivå og mandat for funksjonen skal utgreiast og avklarast så snart som råd, seier direktøren.

- Stadleg leiing er og vil vere heilt sentralt i sjukehusa våre som har mange, samansette og gjensidig avhengige funksjonar. Det er i stor grad fagfolk i seksjonar og avdelingar som samarbeider i kvardagen. Derfor må vi utvikle lokalt leiarskap for å sikre god personaloppfølging, god flyt og pasientforløpsprosessar internt i sjukehusa, seier Remme.

I St. prop. for Nasjonal helse- og sykehusplan står det også at ein skal «…sikre helhetlige og gode pasientforløp på tvers av profesjoner, avdelinger, institusjoner og nivåer i helsetjenesten.»


Les innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Nasjonal helse- og sykehusplan (2016–2019)

- Dette underbygger også det andre organisatoriske prinsippet med samarbeid og samordning på tvers av sjukehus, avsluttar Remme.

Publisert: 18.03.2016