Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Beredskapsøving ved Ålesund sjukehus - 19. oktober

Onsdag 19. oktober blir det gjennomført ei fullskala katastrofeøving ved Ålesund sykehus og Ålesund interkommunale legevakt. Målsettinga er å øve på massetilstrøyming av pasientar.

Publisert 18.10.2016
Illustrasjonsbilde beredskap - bil i brann

Øvinga startar kl. 10:30 og varer til rundt kl. 14:00 og involverer dei fleste avdelingane ved sjukehuset. Aktiviteten ved sjukehuset er planlagt lågare i den tida øvinga pågår.

Markørar

Markørane, som representerer dei skadde, vil bli sminka av Røde Kors for at hendinga skal framstå så realistisk som mogleg. Det vil også vere ein god del ambulansetrafikk på sjukehusområdet.

Helseforetaket trener beredskapen sin på slike store øvingar éin gong i året.