Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Betydelege endringar i toppleiinga

- Leiargruppa er redusert frå 20 til 10 medlemmar, ei endring i tal medlemmar eg meiner er riktig for å få ei strategisk toppleiargruppe for helseføretaket, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 03.05.2016

​I mars la direktøren fram avgjerda om ein tverrgåande organisasjonsmodell. No legg han fram kabalen for ny leiargruppe og er dermed eit godt steg inn i fase 1 i organisasjonsutviklingsarbeidet.

Les bakgrunnsnotatet iverksetting leiarnivå 2 i HMR

Desse endringane blir det i klinikk- og stabsstrukturen

  • Tal klinikksjefar blir redusert frå tolv til seks
  • Tal stabsdirektørar blir redusert frå åtte til fire
  • Nokre stillingar blir lagt inn under andre,  og skal også utgreiast vidare som del 2 av OU-arbeidet.
  • Tre nivå 2-leiarar blir konstituert midlertidig i påvente av intern og ekstern utlysing.
  • Dei som tidlegare har vore i leiargruppa får tilbod om å gå inn i midlertidige assisterande leiarstillingar for å sikre kunnskaps- og leiarovergangen fram til ny organisasjonsmodell blir satt i verk frå 2017.
  • «Klinikk for akuttmedisin» og «Klinikk for kirurgi» vil få felles midlertidig overordna klinikksjef, frem til innhaldet og OU-arbeidet med dei to nye klinikkane er klart.


 

Det er fleire faktorar som ligg til grunn for kva løysing ein har kome fram til for stillingane som klinikksjef og stabsdirektør i dei nye klinikk- og stabsavdelingane, ifølge Remme.

– Det er gjort etter ei heilskapleg vurdering av kva omfang endringane i klinikken og stabsavdelinga vil ha, kva slags fagområde den vil innehalde og leiarane sin kompetanse, erfaring og ønskjer for framtidig arbeidssituasjon, seier administrerande direktør Espen Remme.

Her er leiargruppa

Administrerande direktør Espen Remme

Ny klinikkstruktur (arbeidstitlar på klinikkar)

Klinikk for medisin – Torstein Hole
Klinikk for psykisk helsevern/rus og avhengigheitsmedisin – Ketil Gaupset
Klinikk for diagnostikk – Svanhild Tranvåg
Klinikk for akuttmedisin og Klinikk for kirurgi – Ingar Pettersen (midlertidig)
Klinikk for barn, unge og kvinne – Ove Økland (til 1.sept./utlysing)

Stab (arbeidstitlar på avd.)

Avdeling for direktørens stab -  Helge Ristesund, ass. dir.
Avdeling for verksemdsstyring og økonomi - Heidi Nilsen
Avdeling for fag - Odd Veddeng (ønskjer å trappe ned. Står i stillinga til ny fagdirektør er tilsett/utlysing)
Avdeling for kompetanse og organisasjon - Olav Finnøy (ønskjer å trappe ned. Står i stillinga til ny etterfølgjer er tilsett/utlysing)

Frå den 4. mai vil den nye leiargruppa starte arbeidet med fase 2, altså korleis organiseringa skal vere på avdelings- og seksjonsnivå. 

– Leiarane i verksemda har mykje verdifull kunnskap og erfaring, og dei tidlegare nivå 2-leiarane som no går ut av leiargruppa får tilbod om midlertidig stilling ut 2016. Det er ønskjeleg å nytte seg av denne kompetansen på lang sikt, i tillegg til i ein overgangsperiode til ny leiargruppe og struktur er på plass. Dette for å sikre kompetanseoverføring i ein overgangsperiode til ny organisasjonsstruktur er på plass, seier Remme.

Nokre av leiarane held fram i jobben som konstituert for å sikre overgangen og kjennskap til fagområda, i påvente av ei intern og ekstern utlysning.

Nytt namn

Eit nytt namn for dei fleste er Ingar Pettersen, som har lang erfaring frå mellom anna helsesektoren. Pettersen skal i ein periode ha ei overbyggande rolle fram til nye klinikksjefar er på plass i Klinikk for kirurgi og Klinikk for akuttmedisin.

Derfor treng helseføretaket ny organisasjonsmodell

Bakgrunnen for endringane i klinikk- og stabsstruktur er eit resultat av ei evaluering av organisasjonsmodell som blei gjort før jul i fjor. Der kom det tydeleg fram eit behov for å gjere grep i dagens organisering. I februar månad var det intern høyring på organisasjonen meinte om kva organisasjonsmodell helseføretaket burde ha, og i mars blei det vedteke ein tverrfagleg modell med vekt på stadleg leiing. I OU-prosjektet er det etablert ei eiga arbeidsgruppe som skal konkretisere stadleg leiing. Som ledd i dette arbeidet vil det vere møter ved alle fire sjukehusa.

Les også

Avgjerdsgrunnlag for organisasjonsmodellen