Blant landets beste på stråleterapi

Stråleterapiseksjonen på Ålesund sjukehus sine prosjektarbeid blir lagt merke til.

 

Seksjonsleiar Per-Erik Tødenes ved stråleterapiseksjonen på Ålesund sjukehus.Seksjonsleiar Per-Erik Tødenes ved stråleterapiseksjonen på Ålesund sjukehus.


Raskare og betre pasientbehandling, utvida opningstid og høg medarbeidartilfredsheit er berre nokre av resultata som Stråleterapiseksjonen  har oppnådd gjennom aktiv prosjektleiing og utvida samarbeid med tillitsvalde.


- Nokre av nøkkelfaktorane for at vi har lukkast i vårt arbeid har vore å sikre eigarskap til avdelinga sine oppgåver blant dei tilsette. Vi har greidd å forankre ein felles forståing av Helse Møre og Romsdal sin kultur og målsettingar, seier Per-Erik Tødenes, seksjonsleiar ved stråleterapiseksjonen i Kreftavdelinga i Ålesund.


Onsdag orienterte han styret om arbeidet han har leia.


Tek ansvar for å effektivisere drifta

Helse Møre og Romsdal er i en krevjande økonomisk situasjon og må effektivisere drifta med 1,8 prosent årleg i 7 år. Stråleterapiseksjonen ønskjer å bidra i til dette arbeidet og har vore opptatt av resultatfokus og målingar i denne prosessen.

- I 2014 var vi den mest effektive stråleterapiseksjonen i Norge og ikkje berre i kroner. Vi kan vise til gode resultat frå nasjonale pasientundersøkingar og tilsette trivs i sin arbeidskvardag. I 2014 vant vi arbeidsmiljøprisen i Helse Møre og Romsdal og 3 prosent sjukemelding er ein god indikator på at ein kan effektivisere og betre kvaliteten og samtidig gjere tilsette sin kvardag betre, seier Tødenes.


Vekker merksemd

Stråleseksjonen sitt arbeid vekkjer også merksemd elles i landet. Tødenes fortel at dei stadig blir kontakta frå andre Helseføretak som ønskjer å lære og hente erfaringar frå Ålesund.


- Det er motiverande og bekreftar at arbeidet vi legg ned er viktig for fleire enn oss, seier han.

Sjå også video frå avdelinga

 

 

Publisert: 09.03.2016