Brannøving ved Molde sjukehus

7. – 9. og 16. desember blir det gjennomført praktisk brannøving med røyk og stigebil frå brannvesenet i ein tom etasje på austsida av Molde sjukehus.

Stigebil på utsida av sjukehuset. Arkivbilde frå brannøving ved Ålesund sjukehus.
Arkivbilde frå brannøving.

​Ein kan forvente å sjå både røyk og brannvesenet på utsida av sjukehuset. Det er eitt rom som blir røyklagt i 2. etasje på austsida av sjukehuset.
Helseføretaket øver på å varsle, redde og slokke i samarbeid med brannvesenet.