Bussulykke i Valldal / Bus accident in Valldal

Oppdatert søndag 31. juli. Status på dei skadde i samband med bussulykka i Valldal i går ettermiddag. Fleire av dei skadde blir utskriven frå sjukehuset i løpet av dagen. I tillegg til dei til saman fjorten pasientane som kom til sjukehusa i Ålesund og Molde i går, kom ytterlegare to pasientar inn seinare på kvelden med lettare skadar. Totalt tal på pasienter med fysiske skadar i samband med ulykka er då seksten.

 

Status på pasientane

Oppdatering 31. juli kl. 16:00

Ålesund sjukehus

Mann i 80 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag.
Kvinne i 80 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag
Mann i 30 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag
Kvinne i 60 åra, lettare skader, ligg på sengepost.
Kvinne i 80 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag.
Kvinne i 30 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag.
Kvinne i 60 åra, lettare skadar, operert i går og ligg på sengepost
Kvinne i 50 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag.
Kvinne i 40 åra, lettare skadar, ligg på sengepost.
Kvinne i 50 åra, moderate skadar, blir truleg overført frå intensiv avd. til sengepost i ettermiddag.
Kvinne i 60 åra, moderate skadar, stabil, ligg på intensivavdelinga.
Kvinne i 70 åra, moderate til lettare skadar, blir overført frå intensivavd. til sengepost i ettermiddag.

Molde sjukehus

Kvinne i 30 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag.
Kvinne i 20 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag.
Kvinne i 50 åra, lettare skadar, blir utskriven i dag.
Jente i tenåra, lettare skadar, ligg på sengepost.

Beredskapen har fungert

- Når vi får melding om ei slik ulykke så blir organisasjonen vår satt i beredskap, og erfaringa vår er at den har fungert godt. Ambulansebilar, helikopter frå både eige føretak og andre i tillegg til Sea King har vore involvert i hendinga og samhandlinga mellom aktørane har vore god. Eg veit også at mange av våre tilsette har stilt opp på kort varsel, og kome inn frå ferie for å sikre beredskap og kapasitet, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal.

 

Logg frå hendinga

Bussulykke i Valldal

Ålesund sjukehus er i beredskap
I samband med bussulykka i Valldal, er Ålesund sjukehus satt i gul beredskap.

Laurdag 30. juli 2016
Kl 19:10 Av dei fire som blei frakta til Molde sjukehus er to lettare skadd og ligg til observasjon. Dei to andre har moderate skadar. Ingen av desse skal til operasjon.

Av dei ti som blei frakta til Ålesund sjukehus er åtte lettare skadd, og er komne til mottagelsen. Ein ligg i tillegg på intensivavdelinga og er stabil, medan den siste framleis er til undersøking og tilstanden er uavklart.

Kl. 18.30 Ti skadde er frakta til Ålesund skjukehus. Fire til Molde sjukehus. Vi veit at åtte av dei som er frakta til Åleund sjukehus er lettare skadd. Og to av dei som er frakta til Molde sjukehus er lettare skadd. Vi kjem med meir informasjon kl 19:00. 

Kl. 17:55 er det frakta tre pasientar med luftambulanse til Ålesund sjukehus og tre til Molde sjukehus.  I tillegg vil Sea King Helikopteret frå Florø frakte inn 6 lettare skadde til Ålesund sjukehus. Vi vil kome tilbake med meir informasjon kl. 18:30.

Information in english – Update at 20:30

Ålesund Hospital is now back in normal activity after a few hours of increased preparedness due to the bus accident in Valldal.  Fourteen patients have been sent to the hospitals in Ålesund and Molde.

Two of the four patients who are treated in Molde have minor injuries, and are in observation at the hospital. The other two have moderate injuries, but are not in need of surgery. Eight of the ten that are in Ålesund hospital have minor injuries. The other two are in intensive care, one of them with minor injuries and the other has serious injuries but the patient is stable.