Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dans, dans, dans oppå bordet

Ein fullsatt sal i Parken kulturhus song med av full hals når artisten Ravi dro i gang strofene frå songen som var ei landeplage for nokre år sidan.

Trine Kvalheim
Publisert 01.06.2016

En gruppe mennesker som holder blomster

RAVI-KONSERT: F.v. Kathrine Grande Røsvik, Ravi, Anne Flaathen, Mariann Urke, Vidar Åsebø og Vibeke Os Bratlie.

Heilt fremst, på ekstra stolar, satt tilsette frå Hjerte- og lungeavdelinga (Medisin 1) ved Ålesund sjukehus. Dei gjekk nemleg heilt til topps i KLP sin arbeidsmiljøkonkurranse "Smil, du er på jobb". Denne ettermiddagen i Parken Kulturhus i Ålesund, skulle vinnarane innkassere førstepremien, og dei hadde med seg 500 vener til feiringa.

Deler prisen med heile sjukehuset

– Prisen vil eg dele med alle dei andre avdelingane ved Ålesund sjukehus, sa Mariann Urke som meldte avdelinga på konkurransen. Urke takka kollegaene sine for at dei har eit så godt samhald, og takka alle dei som har stemt på avdelinga. – Vi har eit utruleg godt samhald, støttar kvarandre og vi har det nesten alltid kjekt i lag, så eg tenkte at denne konkurransen var midt i blinken for oss, sa Mariann Urke.

Tok juryen med storm

– Dei kom lovleg seint på bana, berre to dagar før fristen gjekk ut. Men dei tok juryen med storm med bidraget sitt, seier juryleiar og leiar for HMS-teamet i KLP, Vibeke Os Bratlie. Bidraget i konkurransen blei levert inn på rim og premieønsket var ein konsert med Ravi.

– Gjengen frå Ålesund sette rekord i «SMIL! Du er på jobb!» så det var tydeleg at både kollegaer og lokalbefolkninga hadde mobilisert og heia fram avdelinga, seier Bratlie.

Så entra «premien» scena, og drog med seg publikum gjennom mange kjente songar som «E-ordet» og «Dødssøt», i tillegg til «Dans, dans, dans oppå bordet». Ålesundskoret «Soul Children» hadde øvd to timar med Ravi i forkant, men hadde eit flott samspel med artisten.

Sjukepleiar song duett med Ravi

Kveldens overrasking kom då Ravi etterlyste ein medsongar til «Du, du, du», og ein sjukepleiar frå medisin 1 meldte seg til teneste. Kathrine Grande Røsvik gjekk på scena og deltok i duetten til stor applaus og begeistring frå salen. 

– Det var veldig artig å vere på scena med Ravi. Han er så inkluderande og hyggeleg, seier Røsvik som berre hadde litt tid på innøvinga i forkant av konserten.

Stolt direktør

Espen Remme var stolt over dei tilsette som klarer å oppnå ein slik pris.

– Dette beveger også meg som direktør for ein organisasjon med rundt 6 500 tilsette – det gjer meg stolt, sa Remme og gratulerte med prisen og takka for konserten.

– Arbeidsmiljøet er viktig for våre 6500 tilsette, men det er ikkje minst viktig for verdien vi gir til pasientane våre, sa Remme og understreka at eit godt miljø ligg i botn for å etterleve verdiane i helseføretaket som er kvalitet, respekt og tryggleik.

Her er bidraget til konkurransen

Urke samla inn 18 bidrag, både dikt og små vers som skildra avdelinga.

Dag, kveld, natt og helg
finner vi alltid på no sprell
fjelltur, trener, går på kafè
vi har egen festkomitè
med video, revy og fine sanger,
trylles frem i beste sjanger,
moro, latter, dans og smil
vi står til hundre i stil.
Vår kunnskap er ytterst habil,
kompetanse er vår profil,
lunge- og hjertesyke gjør vi stabil
her skal vi jobbe til vi blir senil
for bedre kolleger finns ikke til
varme hjerter og store smil.
Vi er de beste uten tvil!

Bakgrunn

KLP arrangerer kvart år konkurransen der dei kårer landets trivelegaste arbeidsplass. Vinnarane får ein konsert på arbeidsplassen med ein av deltakarane frå TV 2-programmet "Hver gang vi møtes".