Einigheit om nyfødttilbodet i Helse Midt-Noreg

Fagmiljøa i Helse Midt-Noreg er einige om at barn født før 26. svangerskapsuke skal sendast til St. Olavs hospital.

Foto: Colourbox

Fagleg einigheit ligg til grunn når Helse Midt-Noreg sikrar tilbodet til gravide med truande prematur fødsel og for tidleg fødte barn.

- Etter at diskusjonane blei tekne opp att i haust har dialogen mellom fagmiljøa blitt meir konstruktiv, og vi ser konturane av ei framtidig felles fagutvikling og forsking. Vi har underteikna samarbeidsavtalen som gjer at for tidleg fødde før veke 26 skal behandlast ved universitetssjukehuset St.Olav. Dette er i tråd med nasjonal praksis, seier klinikksjef Henrik Erdal i Klinikk for kvinner, barn og ungdom i Helse Møre og Romsdal.


Klinikksjef Henrik Erdal

I praksis vil dette omfatte ca 4 - 5 pasientar kvart år, og løysinga førar ikkje til ei endring i bemanning på neonatalavdelinga på Ålesund sjukehus.

Høyt fagleg nivå

Både avdelinga på Ålesund og på St. Olav held høgt fagleg nivå og har heile tida behandla nyfødte i tråd med nasjonale og internasjonale retningslinjer og standardar, skriv Helse-Midt Noreg i si pressemelding.

Den eksterne fagrevisjonen våren 2016 fann ingen vesentlege ulikheiter i kvalitet, men peikte på at begge avdelingar bør ha ein kompetanseplan som sørger for at det høge faglege nivået blir oppretthaldt og at kompetanse blir vidareutvikla i tråd med dei til ein kvar tid gjeldande nasjonale krav.
 

- Felles plattform for to sterke fagmiljø

Ordninga med eit regionalt standardisert pasientforløp og ein eigen kompetanseplan for avdelingane blir finansiert av Helse Midt-Noreg og skal evaluerast etter tre år.

- Det er gledeleg at vi gjennom denne prosessen får etablert ein felles plattform for to sterke fagmiljø i vår region. Vi ønsker å bidra med økonomisk støtte til det som blir ein treårig plan for kompetanseutvikling og hospiteringsordningar, seier konstituert fagdirektør Henrik A. Sandbu i Helse Midt-Noreg RHF.

Sandbu meiner at det faglege samarbeidet blir eit viktig bidrag for å skape tryggheit og eit godt tilbod for foreldre og barn framover.