Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eit steg nærare «éin innbyggar – éin journal»

Helseplattformen i Helse Midt-Noreg blir utprøvingsprogram for den nasjonale målsettinga om «éin innbyggar – éin journal»

Publisert 28.06.2016

Det vart klart etter føretaksmøtet 22. juni, der helse- og omsorgsminister Bent Høie ga oppdraget til Helse Midt-Noreg.

– Eg er glad for at vi no kan ta dei første stega mot «ein innbyggar – éin journal», sa Høie etter føretaksmøtet i Helse Midt.

Helse Midt-Noreg ønskjer å realisere ei regional fellesløysing for ein moderne pasientjournal, der helsetenesta, både i kommunen og på sjukehuset, har tilgang til den same elektroniske journalen. Det betyr at både sjukehus, fastlege og omsorgstenestene i kommunen har den same journalen når du beveger deg mellom ulike nivå i helsetenesta, utan at du må ta den med i papirform. Dette skal mellom anna bidra til at helsetenesta har dei nødvendige og oppdaterte opplysingane om deg for å gi deg rett behandling til rett tid.

– Eg er sikker på at oppdraget vi har fått vil vere med på å endre helsetenesta i Noreg. Vi er allereie i gang, og samarbeider godt med kommunane og fastlegane i Midt-Noreg, seier administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Stig Slørdahl.

Les også: Helseplattformen blir utprøvingsprogram for «ein innbyggar . ein journal» (helse-midt.no) 

Helseplattformen (helse-midt.no)