Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eit steg vidare i diskusjonar om SNR-tilbod i Kristiansund

Hovudgruppa for arbeidet med Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er eit steg vidare i diskusjonen kring innhaldet i spesialisttenestetilbodet som skal vere i Kristiansund. Gruppa arbeider med å utforme tenesteinnhald i to alternative modellar for tilbodet i Kristiansund. Ein av modellane inkluderer dagkirurgi.

Publisert 10.02.2016

​- Vi har vurdert kva fagområde vi kan legge til Kristiansund. Ut frå innspela frå fagmiljøa har vi diskutert kva tilboda vil krevje av til dømes utstyr, areal, behov for samhandling på tvers av ulike fagmiljø, personell og kompetanse. Modellane er foreløpig grovskisser som vi vil arbeide vidare med, seier prosjektdirektør Bjørn Remen.

Bjørn Remen er prosjektdirektør i SNR.
 

Bjørn Remen er prosjektdirektør i SNR.


 

Modellane blir målt

Innhaldet i dei to alternativa blir målt opp mot ein rekke evalueringskriterier som hovudgruppa har utarbeidd. Kriteriene skal synleggjere kva konsekvensar dei ulike vala får. - Eit døme er at fagtilboda vi legg til Kristiansund bør oppfylle kriteriet om nærleik til pasientgrupper som treng tenesta jamleg, og der reiseveg og fråvær frå heimen og kvardagslivet er ei belastning, seier prosjektleiar Merete Hagbø.

Andre kriterier er mellom anna at dei ulike modellane må støtte opp under utviklinga av eit felles fagmiljø, dei må ha ei framtidsretta og moderne driftsform. Investerings- og driftskostnadane knytt til dei ulike modellane vil også stå sentralt i det vidare arbeidet.


 

Godt samspel

Møtet denne veka er det femte der hovudgruppa er samla. Gruppa har også vore på ein studietur til Stavanger Universitetssjukehus for å lære og hauste erfaringar frå deira prosjekt. Fleire av deltakarane fortel at dei opplev arbeidet med SNR-prosjektet som ein modningsprosess der dei gjennom konstruktive diskusjonar får bidra med råd til vidare organisering av tenestetilbodet. 
– Eg opplev at gruppa jobbar positivt og godt med innhaldet i det nye tenestetilbodet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, seier Hans Christian Ofstad klinikksjef for kirurgi i Kristiansund.


 

Hovudgruppa i god diskusjon i møtet i går på Hjelset.

Hovudgruppa i god diskusjon i møtet i går på Hjelset.


 

Kommunar skal medverke

Ein viktig suksessfaktor i prosjektet er samhandling mellom anna med involverte kommunar. 3. februar inviterer Helse Møre og Romsdal til eit dialogmøte med kommunar, Romsdal regionråd (ROR), Ordfører- og rådmannskollegiet på Nordmøre (ORKidé), Sunnmøre Regionråd og KS der ein ønskjer innspel til korleis samhandlinga kan bli best mogleg. 

- Kommunane er viktige medspelarar for oss i det vidare arbeidet med å sikre eit trygt, godt og moderne tenestetilbod til innbyggjarane i Nordmøre og Romsdal, seier Remen. 


Denne modellen går vidare til skisseprosjektet i SNR
Stort engasjement rundt planleggingsgruppene i SNR


Vidare framdrift

Prosjektorganisasjonen skal no arbeide vidare med grovskissene og kvalitetssikre talgrunnlaget og innhaldet i desse. To modellar skal leggast fram for prosjektstyret i februar og går inn i det vidare arbeidet med konseptfaserapporten.


Les meir om SNR


 

Publisert 20.01.2016