Er i gong med tiltaka i psykisk helsevern
Dei siste vekene har det vore stor merksemd rundt bruk av mekaniske tvangsmiddel i psykisk helsevern. I tillegg er det kjent at tilsette ved akuttseksjonen på Hjelset tidlegare i haust har sendt bekymringsmelding til Fylkesmannen knytta til overbelegg og mangel på bemanning.
– Det er viktig å understreke at leiinga tek bekymringsmeldinga frå tilsette på største alvor. Vi er avhengige av tillit for og lukkast, seier Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
Torsdag hadde leiinga i Klinikk for psykisk helse og rus eit møte med verneombud og tillitsvalte, og neste veke er det planlagt dialogmøte mellom leiinga og dei tilsette innan psykisk helsevern på Hjelset og i Ålesund.
Ny konstituert klinikksjef
Adm. dir Espen Remme har konstituert Karl-Arne Remvik som klinikksjef i Klinikk for psykisk helse og rus. Dette er gjort i samråd med klinikksjef Ketil Gaupset som er sjukemeldt ein periode framover.
– Remvik er tidlegare klinikksjef for rehabilitering, og løysinga med å bruke nokon utanfor eigne rekker er gjort for å unngå belastninga i andre ledd av klinikken. Utover dette kan vi ikkje kommentere sjukmeldinga, men vi håper at Gaupset kjem raskt tilbake i stillinga, seier Remme.
Fleire tiltak på gong
Det har vore ein krevjande driftssituasjon i akuttpsykiatrien over tid. For å betre situasjonen er det iverksett tiltak. Frå 1. september vart opningstida for dei ambulante akuttteama i Molde og Kristiansund utvida. I tillegg er det lagt opp til vekentlege pasientflytmøte internt i klinikken. Frå februar blir det innført ny turnus, som skal vere så robust at den skal kunne handtere dei variasjonane i belegg som ein akuttpost vil ha. For å få til dette blir grunnbemanninga styrka slik at ein reduserer behova for vikarar og innleige av personell.
Bruk av mekaniske tvangsmidlar
Når det gjeld registrering og praksis for gjennomføring av tvangsvedtak, er det utarbeidd ein handlingsplan for kartlegging av dette. Fagavdelinga bidreg med ressursar inn i det vidare arbeidet i klinikken.
Handlingsplanen inneheld mellom anna:
- Risiko-/hendingsanalyse ved dei to akuttpostane på Hjelset og i Ålesund. Målsettinga er å kartlegge pasientforløpet til pasientar som blir utsett for tvang, og kome med forslag til eventuelle tiltak for forbetring av forløpet.
- Internrevisjon ved aktuelle seksjonar som inkluderer stikkprøver i elektronisk pasientjournal og tvangsprotokollar frå 2014 og 2015. Hensikta er å avdekke om det er samanfallande praksis i dokumentasjon i dei ulike systema. For å sikre at alle vedtak blir registreret korrekt i vårt pasientadministrative system vil det månadleg bli gjennomført manuell teljing av alle vedtak om bruk av tvangsmidlar. Det blir også utarbeidd ein rutine som seier at ein ved utsending av epikrise skal sjekke at alle registreringar om tvang i løpet av opphaldet er gjennomført.
- Opplæring. I regionen skal det utarbeidast ei regional prosedyre for registrering av tvangsbruk i dei ulike systema. Hensikta er å få innført lik registreringspraksis i regionen. HMR skal som eit tiltak i oppfølginga av Regional plan for psykisk helsevern i Helse Midt-Norge 2016–2017, utarbeide ein eigen strategi for riktig og redusert bruk av tvang. Arbeidet med strategien blir koordinert regionalt, og fylkesmannen og kontrollkommisjonen vil bli invitert inn i arbeidet.