Fekk ein kostnadssmell i desember

- Eit budsjett er dei pengane du har. Underskotet er på 2% av totalbudsjettet, og helseføretaket må ha gjennomføringskraft til å gjere det som er bestemt, seier Stein Kinserdal styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.
 

På linje med resten av styret er styreleiaren bekymra for inngangsfarta til 2016, men direktøren fekk støtte på å halde fram forbedringsarbeidet, og organisasjons- og leiarutviklinga. - Ser vi på kvalitetstal og produksjonstal så les vi at det er det mykje godt arbeid, seier Espen Remme adm.dir. i helseføretaket. -Tal på ventetider, fristbrot og behandling er veldig gode og her må eg få gi skryt til dei tilsette. Kontrasten kjem då på tala som går på økonomi, seier Remme.


I desembermøtet blei styret varsla om at årsresultatet kom til å bli dårlegare enn venta, og desembertala viser eit negativt avvik på 25,6 million i forhold til budsjett. Underskotet i desember månad gir eit foreløpig årsresultat på -19,3 millionar, noko som er 110,5 millionar under resultatkravet frå Helse Midt-Norge. – Vi er ikkje ferdig med alle føringane i årsavslutninga, og tala kan framleis endre seg, seier økonomidirektør Heidi Nilsen.

Strammar inn ytterlegare men held fram satsinga på forbetringsarbeidet

Dokument til styresak: Oppfølging budsjett 2016 (pdf)

 

Kva skjedde i desember?

– Det er i hovudsak fire områder som dreg ned resultatet for desember. Kostnadar på mindre utstyr og vedlikehald har eit meirforbruk på 12,8 mill, legemidlar 5 mill, labrekvisita 4,7 mill og faktura frå andre helseføretak på våre eigne pasientar viser 6,8 mill, seier Nilsen.

Dei to første vekene i januar blei det gjennomført møter med alle klinikkar og stabsavdelingar, som ei oppfølging av styresaka frå desember. -Alle tiltaka som ligg i budsjettet blir følgd opp månadleg framover. Utover desse tiltaka er det i januar innført avgrensa innkjøpsstopp, avgrensa reiseverksemd, ikkje ansettelsar i stillingar/etablere nye tilbod utan at det er balanse i budsjettet i klinikken, og det er sett inn ekstra innsparingskrav på sentral stab og fellesavdelingar, avsluttar økononomidirektøren.

Presentasjon til styret - økonomi


Langsiktigheit

Remme og Kinserdal deler trua på at det er dei lansiktige linjene som vil gjere utslag for helseføretaket. - Det er meiningslaust å lage tiltak dersom vi ikkje klarer å engasjere det ytterste leiarnivået. All verdiskapning skjer ytterst ute i organisasjonen. Forbetringane sit ute i organisasjonen og ikkje på direktørkontoret, seier Kinserdal. Styremedlem Svein Anders Grimstad var einig. –Det er i ytterledda at produksjonen går føre seg, og den kontinuerlege forbetringa, seier Grimstad.

Styret ba adm.dir. om ein månadleg rapportering på tiltaka framover i 2016.

 

Status SNR

I styremøte blei det også lagt fram ein status på arbeidet i SNR. Prosjektdirektør Bjørn Remen og sykehusplanlegger Pål Ingdal orienterte styret om kva som skjer i arbeidet med hovudfunksjonsprogrammet.

Presentasjon frå styremøte.

Eit steg vidare i diskusjonar om SNR-tilbod i Kristiansund

Stort engasjement rundt planleggingsgruppene i SNR

Publisert: 21.01.2016