Følg styreseminaret og styremøtet 30. og 31. august

Vi streamer direkte frå styreseminaret og styremøtet. Sendingane startar tysdag kl 17:45 og onsdag kl 08:30. 

 

Tysdag 30. august kl 17:45 held Helse Møre og Romsdal styreseminar ved Quality Hotel Alexandra, Molde. Temaet for seminaret er konseptrapporten for sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).

Onsdag 31. august kl 08:30 er det ordinært styremøte same stad.

Begge møta er opne for publikum. Saksdokumenta finn du her.


Har du problem med å sjå innhaldet? Klikk her

Sendinga blir stoppa når det er pausar i møta.

Vi bruker enkelt utstyr for lyd og bilde, og lydkvaliteten kan variere litt ut frå kor folk sit i møtet. Best mogleg lyd får du med høyretelefonar eller med PC som har separate høgtalarar. NB! Du kan justere opp lyden med volumkontroll nede i venstre hjørnet av videoen (høgtalarsymbol som kjem opp i fullskjermvisning eller når du beveger muspekeren over).