Følgjer med på situasjonen med uvêret "Tor"

Helse Møre og Romsdal følgjer med på utviklinga i det varsla uveret "Tor". I går gjennomførte føretaket eit «føre var» møte med leiarane i taktisk stab ved alle sjukehusa i fylket.

 

Beredskapsleiar Hans Olav Ose i Helse Møre og Romsdal

– Vi har førebudd organisasjonen på å gjere nødvendige tiltak mellom anna innan ambulansetenesta, der vi ser på ressursane med tanke på fergestrekninger, veger og bruer som kan bli stengde. Vi har også styrka bemanninga ved AMK-sentralen i helseføretaket, seier beredskapsleiar Hans Olav Ose.

Helseføretaket følgjer faste beredskapsplaner når slike situasjonar oppstår.

​Publisert: 29.01.2016