– Vi har fått inn søkarar på alle stillingane, men ser at interessa for dei ulike stillingane varierer noko, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal. Han ønskjer seg fleire kandidatar til stillingane, og trur det er naturleg at mange treng meir tid for å vurdere om ei slik stilling kan vere aktuell. - Dette er stillingar som ikkje blir lyst ut ofte i helseføretaket, og vi trur at ein forlenga frist gjer at fleire kandidatar blir merksame på stillingane og kan ta kontakt for å høyre nærare om kva dette inneber, seier Remme.
Desse stillingane er lyst ut
Sjå alle ledige stillingar
(Stillingsannosar på WebCruiter)
Les også: Betydelege endringar i toppleiinga
Avgjerdsgrunnlag for organisasjonsmodellen