Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forslag til overordna organisering HMR

– Vi legg fram to alternative modeller for korleis vi kan sjå føre oss den overordna organiseringa av helseføretaket, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal.

Trine Kvalheim
Publisert 29.02.2016

Bakgrunn

I 2011 blei helseføretaket blei oppretta, og då blei det etablert ein ny organisasjonsmodell som skulle ta omsyn til at to tidlegare føretak blei slått saman til eitt. Evalueringa av organisasjonsmodellen var planlagt gjennomført i 2014, men blei utsett til 2015 på grunn av mange store pågåande prosessar. No skal forslag til overordna organisering på intern høyring fram til den 29. februar.

– Vi veit at organisering aldri er nøytralt, og at det påverkar både kultur og makthøve, styring og leiing i tillegg til arbeid og oppgåveløysing, sier Remme. Han er klar over at det ikkje er ein modell som vil vere perfekt eller "løyse alt".

Les høyringsnotatet her

To utviklingssteg

Arbeidet med organisasjonsutviklinga er delt i to og første del omhandlar den overordna organiseringa av klinikkar og stabsavdelingar. Desse har ansvar for kvar sine område, og dannar adm.dir. si leiargruppe.
Høyringsnotatet legg fram to modellar for korleis ein ser føre seg nivå 1 og 2 i leiarstrukturen (1=adm.dir. og 2=klinikksjefar og stabsdirektørar).

Den eine modellen inneheld gjennomgåande klinikkar på tvers i helseføretaket, medan den andre er meir innretta mot dei geografiske lokasjonane i helseføretaket.- Høyringsinnspela skal vere ein del av avgjerdsgrunnlaget, og vi tek sikte på å vere i mål med den overordna organisering rundt påske. Ei ny leiargruppe blir deretter danna i mars eller april, seier Remme.

Den nye leiargruppa skal saman med resten av organisasjonen, arbeide vidare med organiseringa av avdelings- og seksjonsnivået i føretaket. I dag er det 46 avdelingar og ca 190 seksjonar i HMR. Forslaget skal deretter ut på intern høyring i løpet av hausten, og endeleg avgjerd blir tatt mot slutten av 2016.

– I den praktiske kvardagen ute i seksjonane vil svært lite av den fyrste delen i organisasjonsutviklinga påverke kvardagen til medarbeidarane, seier Remme. Medlemmane i direktøren si leiargruppa vil i denne omgangen vere mest påverka, seier direktøren.

Endeleg avgjerd ligg til administrerande direktør, og ny organisasjonsmodell for heile helseføretaket vil vere på plass frå årsskiftet 2017.

Publisert 22.01.2016