Frå konkurrentar til eitt samla team

Avdeling for medisinsk mikrobiologi fekk tirsdag utdelt den gjeve arbeidsmiljøprisen for 2015.

 

 

F.v: Signe Linda Håseth, seksjonsleiar i Molde, Svanhild Tranvåg, klinikksjef for klinikk for diagnostikk, Olav Finnøy, personaldirektør HMR, Solvor Fuglestad, driftsbioingeniør, Einar Nilsen, avdelingssjef og Camilla Jensen Pedersen, seksjonsleiar i Ålesund.

Ein glad avdelingssjef, Einar Nilsen, tok i mot diplom og 25.000 kroner på vegne av avdelinga. Hovudverneombod, Bjarte Jensen og personaldirektør, Olav Finnøy stod for utdelinga.

- Gratulerer med dagen. Vi synes det er flott at prisen i år blir tildelt ei avdeling  som har einingar både på sørsida og nordsida av fjorden. Prisen får dykk for arbeidet med kultur og arbeidsmiljø der avdelinga har klart å endre kulturen i sine to seksjonar frå «vi her» og «dykk der» til ein felles kultur «vi i avdelinga», sa Finnøy i sin tale til dei tilsette.


Konkurranseprega kvardag

Fram til 2012/13 levde dei to seksjonane for mikrobiologi i Molde og Ålesund eigne liv, der samhandlinga var heller dårleg.

I samband med samanslåinga av Helse Sunnmøre HF og Helse Nordmøre og Romsdal HF vart det mellom anna vedteke at seksjonane for mikrobiologi skulle organiserast på tvers. Dette innebar store omveltingar for begge miljø. Konkurranse og småkonfliktar prega arbeidsmiljøet seksjonane i mellom og det var utfordrande  å få tilsette til å samlas om felles mål og retning for arbeidet.

Avdelingssjef  Einar Nilsen opplevde at det å skape tillit mellom seksjonane var krevjande.
- Det å tørre å stole på kvarandre og samle seg rundt eit objektivt mål der produktet og kvaliteten på tenestene vi leverer står i fokus har vore viktig. Vi har jobba målbevisst i fleire år med å knyte fagmiljøa betre saman og det å få arbeidsmiljøprisen betyr mykje for dei tilsette ved avdelinga. Det motiverer for det vidare arbeidet, seier Nilsen.

Av tiltak som avdelinga har gjennomført finn vi:

  • Faste fagmøter på tvers av seksjonane har mellom anna resultert i utvikling av nye testar og metodar, betre kontakt mellom kollegaer og utvikling av fleire felles prosedyrar.
  • Avdelinga har sett ned ei fast revisjonsgruppe med deltaking både frå tilsette i Molde og i Ålesund. I gruppa har det delteke tilsette også utanom leiinga, noko som har bidrege til betre forankring av kvalitetsarbeidet i organisasjonen.

 

God overføringsverdi til andre

Klinikksjef for klinikk for diagnostikk, Svanhild Tranvåg, trur avdelinga sitt arbeid med arbeidsmiljøet kan brukast som et eksempel til etterfølging også i andre delar av føretaket.

- Eg har følgt med dykk på avstand, men likevel tett. Eg er imponert over det dykk har fått til fordi det å endre kultur tek tid og det er krevjande.  Det føreset tydelege leiarar, som bryr seg om sine tilsette og som evner å skape tillit. Samtidig krev det tilsette som er engasjerte og som vil skape endring, seier Tranvåg.

 

F.v: Hovudverneombod Bjarte Jensen, personaldirektør Olav Finnøy og Avdelingssjef for medisinsk mikrobiologi, Einar Nilsen.

Publisert: 02.03.2016