Gode tal i pasientbehandlinga - dårlegare tal for økonomien

– Dette går, men det blir tøft! Utsagnet kjem frå styreleiar Stein Kinserdal i dagens styremøte i Helse Møre og Romsdal, og er henta frå diskusjonen kring økonomisk berekraft for helseføretaket sett i lys av investeringane ein står framfor.

 

Dei gode tala for ventetidene held fram i mai månad, og gjennomsnittleg ventetid for pasientar som framleis ventar er nede i 48 dagar, noko som er den lågaste registrerte ventetida for framleis ventande sidan 2011. Samstundes viser rekneskapsresultatet i mai eit negativ avvik på -8,5 mill. kroner i forhold til budsjett, og hittil i år er det eit negativt avvik mot budsjett på -33,4 mill. kroner. Ny årsprognosa er -66 mill. kroner og avviket er knytt til lønn.

– Sjølv om vi framleis har for høge driftskostnader, vil eg fortelle om eit helsetilbod der vi lykkast med mykje av arbeidet og pasientbehandlinga, seier adm.dir. Espen Remme.

Han meiner arbeidet i helseføretaket er på rett kurs, men at ein har ein naturleg utålmodigheit når det kjem til resultat.

– Det er viktig å understreke arbeidet vi gjer med leiarskapet. Sidan den nye leiargruppa blei danna den 4. juni har vi hatt mange og gode diskusjonar. Vi er også utolmodige, og beveger oss raskt mot konklusjonar og grep som kanskje ikkje alltid er riktige eller som kan gi uønska konsekvensar økonomisk, seier Remme.


– Vi har trua på at arbeidet med kontinuerleg forbetring, organisasjonsutvikling og leiarutvikling er riktig veg å gå. Om vi skal få dette berekraftig over tid kan vi ikkje ta inn lite planlagde hastetiltak, seier styreleiar Kinserdal og meiner at styret må overlate til direktøren og leiargruppa kva miks av tiltak som er dei rette.

– Vi ser at det er ulike syn i helseføretaket på kva som bør gjerast. Det som opplevast som positivt i nokre delar, blir negativt for andre, seier Remme.

Målet er, ifølge direktøren, at leiarane tek føretaksperspektivet og ser kva som er den beste heilskaplege løysinga. Han peiker også på behovet for å ha gode analyser i botn, og at ein er einige om kva som er sanninga i situasjonen og som alle står bak.

Les protokollen frå styremøtet.  


SNR i rute

Utsagnet i innleiinga kjem frå diskusjonen rundt økonomisk berekraft og investeringane i SNR. Hovudbodskapen frå prosjektet ved prosjektdirektør  Bjørn Remen i Sykehusbygg, er at planlegginga er i rute.
Styret fekk ei orientering frå delfunksjonsprogrammet og skisseprosjektet, som  er ein del av konseptrapporten som styret skal behandle den 31. august. Etter det følgjer ei seks vekers høyring.

Ein viktig del av orienteringa gjekk på økonomisk berekraft for helseføretaket i samband med investeringane som kjem.

– Om investeringa som har ei maksramme på 4,3 mrd. (des. 2015 kroner) blir lågare vil det sjølvsagt auke berekrafta, svarer økonomidirektør Heidi Nilsen på spørsmål frå styret.

– Det som gjev størst utslag på langsiktig økonomisk berekraft, er korleis den årlege utviklinga i inntekter til HFet blir framover og evna vi har til å effektivisere drifta før vi flytter inn i SNR, seier adm.dir Espen Remme.

Forbetringsarbeid i akuttmottaket

 

I starten av styremøtet, deler Eivind Ottersen Samstad, lege i spesialisering ved medisinsk avdeling ved Ålesund sjukehus, si erfaring med forbetringsarbeidet i akuttmottaket. For Samstad starta forbetringsarbeidet med ei urovekkande oppleving der ein pasient fekk sein behandling for blodforgifting. Det gjekk bra med pasienten, men det ga merksemd til ei problemstilling der målet no er å starte antibiotikabehandling for 90% av desse pasientane innan ein time.


– Det viktigaste er metodikken. Å sette seg mål, og å gjere målingar og småskalatesting, seier Samstad som også har gått forbetringsutdanning for legar. Han meiner at leiinga må også sjå på kva ulike grupper oppnår, og kva prosjekt som er modent for bredding i heile organisasjonen.
Til slutt kjem han med ei ønskeliste, og der «Tid» står på toppen av lista. 

– Eivind ber om tid, og ser vi det i forhold til den tida det tek å rette opp feil så er forbetringsarbeidet ei god investering, seier styreleiar Stein Kinserdal. 
Han meiner dette handlar om leiing, som både skal gi tid, og understøtte.
– Vi må engasjere det medisinske personalet, og spesielt legane. Vi høyrer her eit glimrande eksempel på eigarskap og motivasjon, seier styreleiaren.

Les også: Massivt kompetanseløft i akuttmottaka