Helse Møre og Romsdal lanserer pasientens nettstad
31. mars lanserer vi nye nettsider der all informasjon sirklar rundt det pasienten er mest opptatt av: sjukdom og behandling.
Behandlingsprogram på nye helse-mr.no. Viser kva som skjer før, under og etter behandling.
Helse Møre og Romsdal ein del av ei nasjonal satsing for éi felles nettløysing i spesialisthelsetenesta. Sjukehusa i Helse Midt-Noreg er først ute i den nye felles nettløysinga. St.Olav lanserte i januar, medan Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag lanserer samtidig, 31. mars.
– Då vi skulle lage nye nettsider for sjukehusa i Noreg, lytta vi til den aller viktigaste stemma: pasienten si stemme. Det pasientane fortalde oss, bestemte korleis vi løyste oppgåva med å lage dei nye nettsidene for sjukehusa. Tilbakemeldingane frå pasientar, pårørande og fagfolk viser at internett er ein del av sjukehuset, ein del av pasientreisa og ein del av behandlinga, fortel kommunikasjonsdirektør i HMR, Trine Kvalheim.
Helse Møre og Romsdal på nett skal vere ein del av ei løysing som hjelper pasientar og pårørande i ein sårbar del av livet, og skal hjelpe pasienten til å gjere gode val for si eiga helse. Ein velinformert pasient opplever større meistring og tryggleik.
Pasientar, pårørande og fagfolk har hatt ei hand på rattet mens vi har utvikla løysinga. Dei har testa den og gitt tilbakemeldingar på om vi er på rett veg. Framtidig utvikling vil også, i stor grad, vere styrt av brukarane sine ønskjer og behov.
Deler informasjon mellom sjukehusa
Det er 30 lokale og regionale helseføretak i Noreg. Med prosjektet Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta er det slutt på ein lang «tradisjon» med å skrive same informasjonen fleire gongar.
- All informasjon som kan vere nasjonal, skal vere nasjonal
- All informasjon som kan vere felles, skal vere felles
- På dei nye nettsidene skal sjukdomsinformasjon «bu» på helsenorge.no, mens behandlingsinformasjonen skal «bu» på helseføretaka sine nettsider
– Behandlingsinformasjonen vi har på nye helse-mr.no er ein start, og vi vil fortsette å legge ut enkeltbehandlingar og behandlingsprogram etter at dei nye sidene er lansert, fortel webredaktør Carina Giske.
Resten av landet lanserer i løpet av året
Den nye nettløysinga blir implementert regionvis i resten av landet. Helse Nord er neste region, med lansering før sommaren. Deretter følgjer Helse Vest og Helse Sør-Øst med nye nettsider hausten 2016.
Les meir om det nasjonale prosjektet i prosjektbloggen
St.Olav Hospital HF og Helse Midt-Norge RHF har lansert nye nettsider
Pasientens helsetjeneste på nett
Kontroll på innholdet er avgjørende
Prosjektbloggen – På baksiden av helsenorge.no