Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsetilsynet sin konklusjon i Sebastian-saka er klar

– Vi har nettopp fått den omfattande rapporten frå Helsetilsynet, og vil no bruke tid på å sette oss inn i saka. Vi tek kritikken frå Helsetilsynet på alvor. Det er ei alvorleg og samansatt sak der mange fagmiljø i helseføretaket er involvert i tillegg til kommunal legevakt, seier Odd Veddeng, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 31.03.2016

Det var i februar i fjor at eit ti månader gammalt barn døydde på Kristiansund sjukehus. No har Helsetilsynet konkludert med at det var svikt i helsehjelpen til guten, som hadde eit komplisert sjukdomsbilete.

– Dette er ei sak som er spesielt vanskeleg for dei pårørande, og som også går sterkt inn på tilsette i helseføretaket som har vore involvert i saka, seier Veddeng.

I den foreløpige vurderinga går Helsetilsynet inn på Helse Møre og Romsdal sine rutiner som skulle sikre forsvarleg oppfølging av sjuke barn i helgene, og planlegginga i forkant av endringen frå sjudøgnspost til femdøgnspost.

– Drift av ein 5-døgnspost er krevjande, og set krav til god planlegging, kommunikasjon, samhandling og rolleforståing mellom alle partane som er involvert. Vi må ta med oss læringspunkta som ligg i saka inn i vurderinga av korleis vi organiserer tenestene framover, seier Veddeng.

I styremøte i desember 2015 la helseføretaket fram ei evaluering av 5-døgnsdrifta. Det var då einigheit i styret om at konklusjonen frå Helsetilsynet skulle innarbeidast i saka før endeleg evaluering blir gjort. Så snart endeleg rapport ligg føre frå Helsetilsynet vil ein fullføre evalueringa av driftsforma.

Vidare framdrift

Helseføretaket har 6 veker på seg til å kome med tilbakemelding på rapporten før Helsetilsynet legg fram sin endelege rapport.

Kontaktperson i saka

Fagdirektør Odd Veddeng, tlf. 482 37 885

Presse kan også ringe kommunikasjonsdirektør Trine Kvalheim, 45 46 56 80

Publisert: 18.03.2016