Ho blir ny klinikksjef for kirurgi

Det siste namnet i den nye leiarkabalen for Helse Møre og Romsdal er no på plass.

Astrid Johanne Brandshaug (44)  blir ny klinikksjef i Klinikk for kirurgi.

​Astrid Johanne Brandshaug (44) er tilsett som klinikksjef i Klinikk for kirurgi og starter i stillinga den 1. januar 2017.

Brandshaug kjem frå stillinga som prosjektleiar i SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal), der ho har hatt ansvar for medverknad frå fagmiljøa og kommunane inn i planlegginga av SNR. Dei siste åra har ho vore både seksjonsleiar og avdelingsleiar i medisinsk avdeling i Kristiansund og Molde.

- Vi er veldig fornøgd med tilsettinga av Astrid Johanne Brandshaug i stillinga som klinikksjef for kirurgi. Ho har lang leiarerfaring frå helseføretaket, og som prosjektleiar i SNR har ho arbeidd for å få til eit godt fagleg samarbeid. Brandshaug ser både heilheita og kompleksiteten i helsetenestene, noko som er viktige eigenskaper i arbeidet vårt, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal.

Gler seg

Brandshaug sjølv gler seg til å komme rundt på alle sjukehusa.

– Eg ser fram til å få innblikk i alt det gode som gjerast, men også i utfordringar og moglegheiter slik dei lokale leiarane og klinikarane ser det. Eg er audmjuk for den kunnskapen og ressursane som ligg i klinikken, seier den påtroppande klinikksjefen. 

Den nye tverrgåande klinikken er på lik linje med resten av helseføretaket i gang med ei omorganisering. Dei tidlegare fire klinikkane skal samlast i ein felles tverrgåande klinikk, og den nye strukturen skal vere på plass innan 1. april 2017.

Krevjande OU-prosess

- Vi kjem nok ikkje bort frå at prosessen med organisasjonsutviklinga har vore, og framleis er krevjande. Å få landa den på ein god måte trur eg er vesentleg. Å motivere tilsette til å bli, til å bidra og til å rekruttere, er viktig for å skape samhald og eigarskap til prosessane. Saman må vi finne ein god plattform for klinikken, og ein organiseringsstruktur som fungerer til beste for pasientane, seier Brandshaug.

Assisterande klinikksjef for kirurgi i Molde, Ingrid Vasdal, ønskjer Brandshaug hjarteleg velkommen i stillinga.

- Slik eg kjenner Astrid Johanne Brandshaug er ho god på å sette seg inn i nye problemstillingar og har stor arbeidskapasitet. Vi skal gjere det vi kan for å hjelpe den nye klinikksjefen på plass, og for å få til eit godt samarbeid framover, seier Vasdal.

Fakta om organisasjonsutviklinga i HMR

Sidan samanslåinga av Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre til eitt helseføretaket i 2011 har det vore planlagt at organisasjonsmodellen skulle bli evaluert. Hausten 2014 blei det gjennomført ei evaluering av noverande modell, og i mars 2016 blei det vedteke ein tverrgåande modell med vekt på stadleg leiing.  Ny organisasjonsstruktur skal vere på plass den 1. januar 2017 med unntak av to klinikkar og to stabsavdelingar som har fått utsett frist til 1. april 2017.


Her er dei nye leiarane i Helse Møre og Romsdal

  • Espen Remme (adm. dir)
  • Helge Ristesund (ass. dir)
  • Jo-Åsmund Lund (fagdirektør)
  • Heidi Nilsen (økonomidirektør)
  • Ragnhild Remøy (HR-direktør)
  • Kjersti Bergjord (klinikksjef, Klinikk for akuttbehandling)
  • Astrid Johanne Brandshaug (klinikksjef, Klinikk for kirurgi)
  • Henrik Erdal (klinikksjef, Klinikk for kvinner, barn og ungdom)
  • Ketil Gaupset (klinikksjef, Klinikk for psykisk helse og rus)
  • Torstein Hole (klinikksjef, Klinikk for medisin og rehabilitering)
  • Svanhild Tranvåg (klinikksjef, Klinikk for diagnostikk)
  • Mona Aagaard-Nilsen (klinikksjef, Klinikk for drift og eigedom)