Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ho er årets sjukepleiarleiar i Møre og Romsdal

Elin Molvær Dybvik, seksjonsleiar ved akuttmottaket på Ålesund sjukehus, tok imot den gjeve prisen onsdag.

Publisert 09.11.2016
En person i hvit frakk
Elin Molvær Dybvik ved akuttmottaket, Ålesund sjukehus

Dei tilsette i akuttmottaket på Ålesund sjukehus kan juble over å ha den beste sjukepleiarleiaren i Møre og Romsdal, og det var ein stolt hovudperson som mottok eit bilete som premie onsdag.

- Først og fremst glad for at eg jobbar med ein så fantastisk gjeng. Dei fortener all skryt, seier Dybvik som får dei beste skussmål av sinetilsette.

- Ho er heilt klart den dyktigste og mest inkluderande sjefen eg noensinne har hatt, seier sjukepleiar Karl-Erik Ellingsæther og legg til:

- Ho set klare mål for sjukepleiartenesta, har fokus på pasientanes behov og inkluderar dei ansatte i forbetringsarbeidet. Det er også stort fokus på at sjukepleiarane held seg fagleg oppdaterte, og det er det en felles forståing for både fra leiinga si side og dei ansatte, seier Ellingsæther.

Drivkraft i forbetringsarbeid

Akuttmottaket har gjort seg bemerka ved fleire anledningar, og per i dag er dei blant anna nasjonal pilot på pasientsikkerhetsprosjektet «Tidlig oppdagelse og behandling av sepsis». 

I tillegg ble dei  tidlegare  i år tildelt 240.000 kroner i prosjektmidlar frå Helse Midt-Norge for å auke kompetansen blant medarbeidarane i arbeidet med pasientsikkerheit.

Dybvik, som har våre leiar i akuttmottaket sidan 2012, får også skryt av måten ho arbeidar med arbeidsmiljø og trivsel på.

Arbeidsmiljø

- Turnusen har blitt mykje betre og det er meir forutsigbarhet med tanke på avvikling av fritid. I tillegg er Elin flink til å engasjere og motivere sine tilsette til å vere med på nye prosjekt som gir oss meir kompetanse og betre pasientflyt i avdelinga, seier Beate Grebstad som får støtte av assisterande seksjonsleiar Frode Longva Hanssen.

-Elin er veldig på ballen, oppsøkande og tilgjengeleg for dei tilsette iavdelinga, og det vet eg folk set pris på. For min egen del er ho ein god kollega og inspirerande leiar, seier Longva Hanssen.

Fleire prisdryss

Årets sjukepleiar ble Bente Winsjansen frå Fræna kommune.

Winsjansen er kreftkoordinator og juryen trakk fram den fremragende samhandlinga ho har stått for saman med palliativt team ved Molde sjukehus og  lege Bardo Driller.

En gruppe kvinner med sertifikater