Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høgtideleg nyopning av obduksjonssal i Ålesund

LIS-lege Camilla Jøsok Nybø fekk det ærefulle oppdraget som snorklippar.

Publisert 01.12.2016

En gruppe mennesker i hvite labfrakker står i gangen
Med gullsaks klippa LIS-lege i patologi, Camilla Jøsok Nybø, snora til den nyoppussa obduksjonssalen i Ålesund.

Det var onsdag 30. november obduksjonssalen blei gjenopna, og dagen blei feira med kaker.

- Dette er ein stor dag for Avdeling for patologi. Det har blitt en flott og moderne obduksjonsal som Helse Møre og Romsdal vil ha glede av i mange år framover, seier seksjonsleiar Hilde Guttormsen ved Avdeling for patologi i Ålesund.

Obduksjon er eit viktig verktøy for å kvalitetssikre helsetenestene som pasientane får. Av og til blir feilbehandling og sjukdommar ein ikkje visste feila pasienten avdekka under obduksjon.

Det er også viktig for nasjonale statistikker over dødsårsaker.

Og timinga på opninga var god.

- Vi har nyleg fått tilbake vår LIS-lege i patologi, Camilla Jøsok Nybø, som har vore to år på St. Olavs hospital. No treng ho 200 obduksjonar for å bli godkjent spesialist, seier Guttormsen.

En gruppe mennesker i hvite labfrakker som står i et rom