Hovudfunksjonsprogram for SNR er ferdig

Programmet tek for seg størrelse, oppgåver og bruk av areal både ved nytt akuttsjukehus på Hjelset og poliklinikk og dagbehandling/distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

I tråd med planlagt framdrift er hovudfunksjonsprogrammet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) no ferdig.

Driftskonsept og framtidig aktivitet for det nye sjukehustilbodet på overordna nivå er beskrive i hovudfunksjonsprogrammet som blir lagt fram til behandling i styret i Helse Møre og Romsdal 9.mars.

Les styresaka her

- Vi er framleis tidleg i konseptfasen, men med hovudprogrammet er vi likevel eit godt steg vidare. Målsettinga vår er å sikre befolkninga på Nordmøre og i Romsdal eit best mogleg spesialisthelsetenestetilbod. Det skal vi sørgje for gjennom å utvikle eit fullverdig, berekraftig og framtidsretta akuttsjukehus på Hjelset og eit godt spesialisthelsetenestetilbod i Kristiansund, seier Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Hovudfunksjonsprogrammet er ein av fleire delutgreiingar i konseptfasen for prosjektet og bygger på Idéfaserapporten som ble godkjent av styret i Helse Møre og Romsdal i desember 2014.

Innhaldet og anbefalingane i alle delar av programmet bygger på råd frå hovudgruppa,  vurderingar frå eksterne rådgivarar, samt avgjerder tatt i prosjektorganisasjonen og i prosjektstyret for SNR.

Aktivitet og kapasitet i SNR

Utrekningar av dimensjoneringsgrunnlaget i HFP er baserte på «Sykehusbygg»-modellen.

For klinisk aktivitet har ein nytta 2014 som basisår og ein planleggingshorisont fram mot 2030, og har ut i frå dette rekna ut kapasitetsbehov både gjennom kvalitativ og kvantitativ framskriving.

Vidare har ein nytta arealstandardar og utnyttingsgrader som i hovudsak kan samanliknast med andre sjukehusprosjekt dei siste åra.


For andre funksjonar enn dei kliniske er det estimert behov, nytta erfaringstal og gjort samanlikningar mot andre prosjekt. Endring- og omstillingsfaktorane omhandlar sjukdomsutvikling og medisinsk utvikling, overføring mellom tenestenivå og internt i spesialisthelsetenesta (t.d. frå døgn til dag) og intern effektivisering generelt.

For sengepostane i SNR er følgjande lagt til grunn:


 

For undersøkings- og behandlingsfunksjonar har ein nytta disse utnyttingsgradene:


 


Basert på framskriving, analyse av aktivitet og kapasitet, omstillingsfaktorar, utnyttingsgrader og arealstandardar, har ein nytta «Sykehusbygg-modellen» for å kome fram til følgjande behov  for heile SNR-tilbodet:


 


Spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund

Konseptfasen som er rekna å vare ut 2016 skal mellom anna greie ut to ulike verksemdsalternativ for innhaldet i spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund, og begge desse skal vurderast inn i både dagens Kristiansund sjukehus og nye lokale.


Gjennom ein stegvis prosess, søkjer ein gjennom HFP å avklare kva tilbodet skal innehalde. For å systematisk kunne gjere gode vurderingar, har ein utforma følgjande kriterium som skal liggje til grunn i dei ulike alternativa:

  • Nærleik til pasientgrupper som treng oss hyppig, og der reiseveg og fråvær frå heim/liv er belastande
  • Kvaliteten like god begge stader i SNR på det som gjerast begge stader
  • Robust driftskonsept; drivverdig i eit langt perspektiv, ikkje enkeltpersonavhengig. Vere forankra i solid og klar HMR-strategi.
  • Velje modell/arbeidsdeling som understøttar framtidsretta og moderne driftsformer
  • Volumvurdering på tilbodet, samt ambisjonar om fleksible driftsformer
  • Støtte opp under felles fagmiljø og felles kultur i fagmiljøet
  • Kostander knytt til investeringar og drift


Grovt sett er verksemdalternativa i Kristiansund:

Alt. 1: poliklinikk og dagbehandling
Alt. 2: poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi


 

- God medverknad frå eit breitt  samansett fagmiljø i HMR gjennom  hovudgruppa har gjort at programmet vi no legg fram har bred forankring i organisasjonen. Vi er i særs nøgde med at vi er i tråd med framlagt framdrift, noko som er avgjerande for vidare sakshandsaming av prosjektet, seier prosjektdirektør Bjørn Remen.


Endringar i areal

Gjennom arbeidet med Hovudfunksjonsprogrammet har ein gjort utrekningane på nytt med basisår 2014 og nye omstillingsfaktorar m.m.


Nye arealberekningar skriv seg til mellom 55-56 000 m2, noko som er monaleg lågare enn idéfasen der totalt areal for prosjektet var rekna til mellom 77 000 og 80 400 m2.  Innhaldet er ikkje endra i høve til det som tidlegare er utgreidd.


Økonomisk bereevne

I Helse Midt-Noreg sin økonomiske langtidsplan er det budsjettert med  ei total prosjektinvestering på 4.2 mrd. kroner (2014-tal) i tråd med ei risikovurdering på nivå P50. Regionen har tatt høgde for at prosjektet kan nå P85, dvs. 4.8 mrd. kroner.


Ei arbeidsgruppe vil gjere nye økonomiske berekningar og analyser som skal vere ferdige i juni 2016.


Ferdigstilling av konseptfasen

Hovudfunksjonsprogrammet blir handsama i styret i Helse Møre og Romsdal 9.mars. Delprogramma Overordna IKT, Hovudprogram utstyr og Overordna teknisk program er også ferdige og blir lagt fram til orientering.


Det vidare arbeidet med konseptfasen held fram i 2016 og er planlagt avslutta i løpet av året. Ni planleggingsgrupper er i gang med utforming av eit delfunksjonsprogram som er ein konkretisering og detaljering av krava som er beskrivne i Hovudfunksjonsprogrammet. I DFP tek ein for seg funksjonelt innhald og bygningsmessige krav knytt til det enkelte funksjonsområde. DFP beskriv også særlege nærleiksbehov mellom funksjonar og rom.


 

Les meir om SNR her

Publisert: 02.03.2016