Hugs hudsjekktimen
I dag, 11.mai, arrangerast den årlege hudsjekkdagen kor formålet er å forebygge hudkreft ved å informere om solbeskyttelse og oppdage hudkreft tidleg.
– Alle føflekktimane vi la ut blei bestilt i løpet av kort tid. Vi er glade folk følgjer med og er engasjerte i helsa si, seier hudlege Therese Abusland ved Ålesund sjukehus.
Noreg ligg i verdstoppen i førekomst av føflekkreft og talet aukar stadig. Under hudsjekkdagen i fjor blei det oppdaga 68 tilfeller av hudkreft. 11 av dem var føflekkreft.
Bestill time hos fastlege
Dei som ikke har fått time i samband med kampanjen og som ønskjer å få føflekker sjekka, må ta kontakt med sin fastlege for time.
Kva kan du sjølv gjere?
Gjer det til ein vane å sjekke huda di jamleg. Ikkje alle mistenkelege flekkar er like synlege.
Sjå etter ein føflekk som:
- Endrar storleik, farge og/eller form
- Er annleis enn dei andre
- Er asymmetrisk
- Er fleirfarga
- Blør, klør eller væskar
Aksjonen "Hudsjekkdagen" er eit samarbeid mellom hudlegar mange stader i landet og Kreftforeningen.