Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

I dag opna ny høyrselssentral ved Ålesund sjukehus

– Dette er ei gladnyheit for mange som slit med dårleg høyrsel, seier avdelingssjef Odd Arvid Lange. Med auka kapasitet og meir funksjonelle lokale forventar han ei betydeleg forkorting av ventetida. Og han ser allereie ei positiv utvikling.

Publisert 19.04.2016

En mann med briller

Avdelingssjef Odd Arvid Lange er glad for dei nye lokala, som han meiner kan vere dei beste lokala på heile sjukehuset.

– Målet er å bli så effektive at vi ikkje har anna ventetid enn det som må til for praktiske tiltak som postgang og administrativ handtering, seier ein godt fornøgd avdelingssjef, Odd Arvid Lange. 


Etter ein lengre prosess, og lange ventetider for pasientane, er administrerande direktør Espen Remme svært glad over å opne den nye høyrselsentralen ved Ålesund sjukehus. Her overrekker han blomar til seksjonsleiar Gøril Ohrstrand.

Administrerande direktør Espen Remme fekk æra av å klippe over snora ved den offisielle opninga av høyrselsentralen. Han rosa dei tilsette for planlegging av ny avdeling og samtidig drift av høyrselsentralen, og gleda seg over dei nye lokala som legg til rette for gode pasientprosessar med meir effektiv drift.

Forbetringa blir lagt merke til

En mann med briller

Leiar i HLF Ålesund (Hørselshemmedes Landsforbund), Halfdan Slinning, fortel at han og andre medlemmar er godt nøgde over opninga av den nye høyrselsentralen og den positive utviklinga i ventetidene.

Leiar for HLF Ålesund (Hørselshemmedes Landsforbund), Halfdan Slinning forsikrar om at forbetringa vil bli lagt merke til.
– Fagbladet «Din hørsel» har i kvar utgåve ei rangering av ventetid for tilpassing av høyreapparat. Her har Ålesund lagt blant dei nedste på lista. No er Ålesund oppe på midten, fortel Slinning som håper at Ålesund kjem opp til Kristiansund og Molde som har vore stabile i toppsjiktet på lista.

En person som smiler for kameraet

Seksjonsleiar Gøril Ohrstrand fortel at dei kom frå mindre funksjonelle lokale der det var vanskeleg å få til effektiv drift. No ligg forholda endeleg til rette.

Fakta

  • Nye lokale i dei tidlegare lokala til dokumentsenteret ved Ålesund sjukehus
  • Fem stasjonar for høyrselsmåling, mot tre tidlegare
  • Tilsett ein ekstra audiograf
  • Tilsett sekretær som handterer ventelister og bestillingar, noko som frigjer bort i mot ei audiografstilling til
  • Høyrselsentralen har fylkesdekkande funksjon for avanserte målingar knytt til høyrselshemma barn