Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ikkje friskmeldt sjølv om det går i riktig retning

- Det er mykje som peiker i riktig retning for helseføretaket, men det er for tidleg med noko sigersrop, seier styreleiar Stein Kinserdal i styremøte i dag. Mange av kurvene som blei lagt fram viste ei god utvikling for helseføretaket.

Publisert 28.09.2016

- Vi har eit felles ansvar for å utvikle helsetenestene i rett retning, og det gjeld også økonomi. Eg er tydeleg på at det er eigarskapet hos den enkelte som gir oss moglegheita for å lykkast. Det tek tid å etablere tankegangen hos fagfolka, men også hos våre eigne leiarar. Det gjeld å stå saman om å løyse utfordringane, og vi må hugse at det er god økonomi i god pasientbehandling, seier adm.dir. Espen Remme.

Markante forbetringar i effektivitet

Tal frå Samdata som samanliknar kostnadsutviklinga i Helse Møre og Romsdal med resten av landet, viser at helseføretaket har eit lågare kostnadsnivå pr. produsert eining (DRG-poeng) enn andre helseføretak i regionen. – Helse Møre og Romsdal har hatt markante forbetringar dei siste åra. Vi har behandla fleire innanfor dei budsjetta vi har. Dette viser at vi har forbetringsevne, og vi må gi honnør for dette til organisasjonen, seier Kinserdal. Han viste til at helseføretaket har fått nye krav kvart år, og at det har skjedd mykje forbetringar i organisasjonen.

Færre i kø

Pasientar som ventar på time har no i snitt ei ventetid som ligg godt under kravet på 65 dagar.

- Innan somatikk har vi betre tal kvar månad samanlikna med 2015. Sjølv om vi såg ein oppgang i samband med ferieavviklinga, går denne ned igjen og vi ligg no på 51 dagar, seier fagdirektør Odd Veddeng. Helseføretaket har om lag 9 000 på ventelister samanlikna med 14 000 i januar 2015.

– Vi har færre nytilviste enn i 2015, noko som er ein interessant trend, fortalde Veddeng. Ein slik nedgang skulle vere ein planlagt konsekvens av samhandlingsreforma, der belastninga skal kome meir på kommunane.

– Eg er usikker på om dette er årsaken, seier fagdirektøren. Informasjon frå Fritt behandlingsval viser også at det er få i Møre og Romsdal som vel behandling utanfor regionen.

Når det gjeld fristbrot, har helseføretaket gått ned frå 150 i januar 2015 til 29 fristbrot pr. i dag.

Forbruk av helseteneste

Forbruket av helsetenester er ulikt i befolkninga, og rundt ein prosent av pasientane står for tjue prosent av kostnadane til helseføretaket. -Vi arbeider saman med kommunane om eit eige pasientforløp for den eldre multisjuke pasienten. Desse er storforbrukarar av helsetenester, men tilbodet er ikkje optimalt, seier Veddeng. Pasientgruppa ligg høgt på reinnleggingar, og forverring av tilstanden går i bølgjer.

– Eit kjenneteikn er at det er ikkje godt nok planlagt kva som skal skje når dei blir dårlege, og saman med kommunehelsetenesta vil vi få til ei tydlegare arbeidsdeling med betre flyt og behandling for desse pasientane, seier fagdirektøren.

Auke i aktivitet

- Aktiviteten i HMR ligg over budsjett for august, og lønskostnadane har gått ned sjølv om tal vikarar er på same nivå som tidlegare, seier økonomidirektør Heidi Nilsen. I august har ein eit avvik mot budsjett på 1,7 millionar, noko som er ei tydeleg betring.

Usynleg vekst

Hausten 2015 gjorde tal månadsverk eit hopp, og har halde seg der sidan. Oppgangen blir omtala som ein usynleg vekst.

- Vi har gått inn i tala og finn ikkje heile stillingar som har kome til, men mange små drypp, som akkumulert gir ein auke,  seier Nilsen som meiner dette er hovudårsaken til kostnadsutviklinga. 

Espen Remme forklarte utfordringa med tilvekst i månadsverk med biletleg med ein bil som sig littegrann framover, og som ein no må sette stein foran hjula og stoppe heilt.

– Vi kan handtere  og jamne ut auken gjennom omstillingar og den naturlege avgangen som er i helseføretaket.