Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ikkje uroleg for H1N1-viruset (svineinfluensa)

Ved Ålesund sjukehus har nokre pasienter fått påvist sesonginfluensa, der H1N1 (såkalla svineinfluensa) er ein del av denne. - Svineinfluensaen er ein del av sesonginfluensaen som har komen åreleg dei siste åra, og kan no reknast som ein vanleg influensa, seier Jørn-Åge Longva smittevernoverlege i Helse Møre og Romsdal .

Trine Kvalheim
Publisert 01.02.2016

En mann i hvit skjorte
Kvart år er det tre typer av influensavirus som danner basis for vaksina som blir gitt, og H1n1 inngår som ein del av årets vaksine.


Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva, Helse Møre og Romsdal
–Vi har nokre pasienter med denne typen influensa ved sjukehuset i dag, og som vi har lagt til den eine delen av sengeposten - isolert frå resten av pasientane. Tiltaka vi har sett i verk går ikkje ut over den vanlege drifta forøvrig, og er i tråd med retningslinjene våre, seier Longva.
 
–Vi har hatt svineinfluensa kvart år sidan den store pandemien i 2009, men no er den som ein del av den årlege sesonginfluensaen med vanlige symptomer, seier overlegen. Han fortel at denne typen influensa ikkje er meir aggressiv enn ein vanlig influensa.
 
-Ein influensa gir feber med hoste, sår hals og kroppsverk. Om du kjenner på desse symptoma så ta det med ro, hald senga og få i deg godt med drikke. Ta febernedsettande ved behov, seier Longva. Han understreker at om ein har ein underliggande sjukdom, som gjer ein meir utsett for sjukdom så kan du ta kontakt med fastlege eller legevakt.
 
Les meir om influensa på sidene til Folkehelseinstituttet.


 

Publisert: 20.01.2016