Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intensiverer arbeidet med SNR Kristiansund

Under møtet i hovudgruppa for SNR-prosjektet 28. april blei det bestemt å intensivere arbeidet med dei to verksemdsalternativa som skal utgreiast i Kristiansund.

Guri Viken
Publisert 29.04.2016

– Arbeidet har vore krevjande både for hovudgruppa og for planleggingsgruppa som har jobba med poliklinikk. Det er framleis mange uavklarte forhold knytt til dei to verksemdsalternativa i Kristiansund, men med hjelp frå seniorrådgivar Arild Vassenden som tidlegare har arbeidd med pasientflyt i Helse Møre og Romsdal, skal vi sikre eit godt handsamingsgrunnlag til konseptrapporten seier prosjektdirektør Bjørn Remen.

Hovudgruppa i møte april 2016

 

Involvering av fagmiljøa

Prosjektet vil på leiarmøtet førstkommande tysdag 3.mai presentere ein plan for det vidare arbeidet kor dei aktuelle klinikksjefane får viktige rollar med å involvere sine fagmiljø. Prosjektet skal i tett kontakt med fagmiljøa sikre ein lik, fagleg og differensiert vurdering av dei ulike fagområda som er aktuelle i dei to verksemdsalternativa. Sjå figur under. Dette gjeld både polikliniske tenester og dagkirurgiske tenester.

– Det er viktig at det vidare arbeidet blir godt forankra i klinikkleiinga og at dei aktuelle fagmiljøa blir involvert på ein god måte. Vi må ha fokus på å løyse oppdraget til det beste for pasientane våre og da er samarbeid og fagleg diskusjonar sentralt, seier avdelingssjef i klinikk for kirurgi i Molde, Anita Skarshaug Kvendseth.

– Eg har bedt om at mandatet for det vidare arbeidet blir gjort tydelegare slik at vi sikrar at alle delar av SNR-oppdraget blir like godt utreda. Vi må beskrive fordelar og ulemper av dei ulike alternativa for Kristiansund på ein objektiv måte og med pasienten i fokus, seier Hans Christian Ofstad, klinikksjef for klinikk for kirurgi i Kristiansund.

Fleire møte med planleggingsgruppene

Prosjektet vil også innkalle til fleire møter med planleggingsgruppa for poliklinikk, slik at dei følgjer den vidare prosessen. Aktuelle fagressursar frå gruppa som handsamar operasjon blir invitert med på dette møtet.
Dei kommunale medverknadsgruppene som arbeidar med DMS og prehospitale tenester vil også ha verksemdsalternativa som tema i sine møter.

Møte som vil behandle temaet

  • 3. mai: Møte i leiargruppa HMR
  • Mai: Møte med aktuelle fagmiljø
  • Mai: Møte med planleggingsgruppa for poliklinikk inkl. dagkirurgi/operasjon.
  • 9. mai: Møte med arbeidsgruppa for DMS
  • 12. mai: Møte med arbeidsgruppa for prehospitale tenester
  • Mai: Møte i leiargruppa HMR
  • 31. mai: Møte i hovudgruppa
  • Juni: Møte i leiargruppa i HMR
  • 16. juni: Møte i hovudgruppa

Prosjektet SNR
 

SNR. verksemdsalternativ i Kristiansund
 

SNR-prosjektet skal sikre eit godt poliklinisk tilbod/DMS i Kristiansund. I konseptrapporten skal det leggast fram to verksemdsalternativ. Eitt med dagkirurgi og eitt utan dagkirurgi. Vidare skal ein vurdere alternativa inn i eksisterande Kristiansund sjukehus og i eit nytt bygg.