- Vidare arbeid med skisseprosjektet i haust og dialog med Kristiansund kommune, har gjort oss tryggare på korleis arealet kan nyttast. Det har bidrege til at investeringskostnadane for sjukehusalternativet på noverande tidspunkt er kraftig redusert, seier prosjektdirektør Bjørn Remen.
Dette bildet mangler alt-text
Remen presiserer at tala er basiskalkylar som skal gjennom ein usikkerheitsanalyse og at dei kjem til å endre seg fram mot styrebehandlinga av konseptrapporten i november.
Nybygg på Storhaugen
I haust er det gjennomført ein moglegheitsstudie og eit skisseprosjekt for nybygg på Storhaugen i Kristiansund. Bygget er planlagd ved sidan av, eller integrert saman med Storhaugen helsehus. Under styremøtet i Helse Møre og Romsdal 26.10 presenterte Remen to ulike løysingar til nybygg.
Alternativ nybygg 1: kubeforma bygg

Dette bildet mangler alt-text
Alternativ nybygg 2: samanhengande bygg

Dette bildet mangler alt-text
- Vi er bedt om å legge fram to ulike byggløysingar for eit DMS i Kristiansund. Det er styret i HMR som vedtek om dei ønskjer å gå for bruk av Kristiansund sjukehus eller eit nybygg på Storhaugen.

Dette bildet mangler alt-text
Akuttsjukehuset på HjelsetSkisseprosjektet for akuttsjukehuset på Hjelset som er presentert i konseptrapporten blir ikkje endra fram mot styremøtet 25.november.
- Vi har ein knapp månad til styrebehandling av konseptrapporten og går inn i ein intens sluttspurt. Målet er å sikre eit godt grunnlag for styrevedtak, som gjer at vi kan starte opp forprosjektet over nyttår, avsluttar Remen.