Klarsignal for SNR

I styremøte torsdag kveld ga eit einstemmig styre for Helse Midt-Norge klarsignal for oppstart av forprosjektet for nytt Sjukehus i Nordmøre og Romsdal (SNR) i januar 2017.

 

​Styret i det regionale helseføretaket følgjer altså anbefalingane frå styret i Helse Møre og Romsdal for bygging av nytt akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

- Vi er glade for å høyre at det er eit samla styre i Helse Midt-Noreg som støttar vedtaket, seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.

 

Les meir om saken her.