Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Marie Flem Sørbø disputerte 15. april

Sørbø er lege i spesialisering og arbeider til dagleg på fysikalsk medisin i klinikk for rehabilitering. 15. april disputerte ho ved NTNU med avhandlinga: “Prevalence of abuse reported by pregnant women – impact on postpartum depression and breastfeeding. A prospective population-based analysis in the Norwegian Mother and Child Cohort study.

Therese Stern
Publisert 22.04.2016

En kvinne som smiler til kameraet

Marie Flem Sørbø

Norsk tittel: Forekomst av vold rapportert av gravide kvinner. Betydning for fødselsdepresjon og tidlig ammestopp. En framtidsrettet befolkningsbasert analyse i den norske Mor Barn studien.

Sørbø ville finne ut om kvinner som har vore utsatt for vald eller psykisk vald er i risiko for å avslutte amming av eigne born tidlegare enn kvinner som ikkje har vore utsatt for vald.  Undersøkelsane viste at  kvinner som har vore utsatt for vald siste 12 månader har 40 prosent større sannsynligheit for å slutte å amme før bornet er fire månader. –Det er viktig å få kjennskap til kva faktorar som fremmar amming, og kva som kan føre til at nokon velger å slutte å amme tidleg, seier Flem Sørbø. 53.000 norske kvinner har  deltatt i undersøkinga, og 32 prosent av desse oppgir å ha blitt utsatt for vald. Det er sjelden nokon uoppfordra fortell om vold. Dette prosjektet viser at kartlegging er viktig. Ved å inkludere spørsmål om vald i den vanlege svangerskapskontrollen vil vi få ei unik moglegheit til å avdekke vald og overgrep, for eventuelt å forebygge helseskader på mor og barn. Prosjektet viser også at det er viktig at hjelpepersonell i helse- og sosialvesen, politi eller andre etater ikkje treng å være redde for å spørre, avsluttar Flem Sørbø.

Her er nokre av funna

  • Kvinner som blei utsatt for seksuell vold som born har 22 prosent større sannsynligheit for å slutte å amme før babyen fire månader.
  • Kvinner som har blitt utsatt for ein eller fleire typer vald som born har 41 prosent større sannsynligheit for å slutte med amming før det har gått fire månader.
  • Blant kvinner som har blitt utsatt for vald i løpet av dei siste 12 månadane, har 40 prosent større sannsynligheit for å slutte å amme før det har gått fire månader.
  • Blant kvinner som har blitt utsatt for vold frå ein kjent person, har 28 prosent større sannsynlighet for å slutte å amme før det har gått fire månader.


Prosjektet har fått mykje merksemd i media