Medisinfritt behandlingstilbod i støypeskeia

I september opnar eit medisinfritt behandlingstilbod for heile Midt-Noreg ved distriktpsykiatrisk senter Vegsund.

 


Distriktpsykiatrisk senter Vegsund (DPS Vegsund) utanfor Ålesund.

- No får vi moglegheit til å setje saman ulike behandlingsformer som vi veit har ein positiv effekt på pasientar si psykiske helse, seier psykologspesialist Åshild Digernes Stave.

Personar med til dømes kronisk depresjon og angst eller langvarige relasjonsproblem/personlegheitsproblematikk vil i løpet av september kunne få tilbod om eit medikamentfritt behandlingsalternativ ved DPS Vegsund på Sunnmøre.

– I det nye tilbodet har vi samla fleire ikkje-medikamentelle behandlingsformer i éi avdeling. Det er eit spesialisert tilbod og ei intensivert behandling. Det er ikkje mange slike tilbod her i landet, seier psykiater Tor Øyvind Hummelsund.


F.v Åshild Stave, Tor Øyvind Hummelsund og Anja Bjørkavåg på DPS Vegsund.

Teamet som skal utvikle og prøve ut den nye behandlinga i Helse Midt-Noreg består av Hummelsund, psykologspesialist Åshild Digernes Stave, fire miljøterapeutar, ein fysioterapeut og ein musikkterapeut.

Les også: Helse Midt-Noreg får medikamentfri behandling

Dette er behandlingsformene:

• Intensiv, dynamisk korttidsterapi (ISTDP)
• Fysisk aktivitet
• Kosthald/ernæring
• Aktiviserande miljøterapi
• Gruppeterapi/psykoedukasjon
• Musikkterapi
• Mindfulness

Medisinar har vore fokus

– Brukerorganisasjonane har gitt tilbakemeldingar på at dei opplev at det er for mykje fokus på medikamentell behandling i psykisk helsevern. Det nye tilbodet skal styrke pasienten sin valfridom, og gi han eit reelt alternativ til medisin, seier Anja Mari Bjørkavåg som er prosjektleder for det nye behandlingstilbodet.

Ho fortel at pasienten må ha ein sterk motivasjon for å prøve ut medikamentfrie behandlingstilbod, og dersom ein tar medisinar kan ein trappe ned på desse når ein ser resultat av behandlinga.

– Det vil ikkje vere fokus på medisinar under behandlingsopphaldet, seier psykiater Tor Øyvind Hummelsund som understreker at endringar i medisinering må gjerast i samsvar med faglege retningslinjer og endringar i pasientens sjukdomsforløp og livssituasjon.

- Vi håpar tilbodet kan vere med på å redusere behovet for medikamenter etter endt opphald, seier Hummelsund.

– Dette er ein unik moglegheit til å prøve det ut innanfor den trygge ramma som sengeposten gir, understrekar psykologspesialist Åshild Digernes Stave.  


Prosjektleiar Anja Bjørkavåg ved DPS Vegsund.

Tilpassar undervegs

Hummelsund og Stave fortel at alle dei utvalte behandlingsformene dei skal tilby er evidensbaserte. Det vil seie at dei bygger på forsking som viser at behandlingane fungerer.

At dei tilbyr ikkje-medikamentelle behandlingsformer betyr ikkje at pasienten ikkje kan ta medisinar.

Gjennom systematisk evaluering av effekt og brukarerfaringar undervegs vil teamet ha moglegheit til å gjere individuelle tilpassingar og utvikle kunnskapen om verksame faktorar i behandlinga av psykiske lidingar.

- Vi har valgt ISTDP som tilnærming, då denne har vist seg å ha god effekt på pasientar med langvarige og samansett problematikk, seier Stave.

Tilvising frå spesialisthelsetenesta

Det medikamentfrie behandlingstilbodet ved DPS Vegsund skal ta i mot pasientar som er tilvist frå andre avdelingar innanfor psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta.

Tilbodet gjeld pasientar på frivillig innlegging. Pasienten kan ikkje ha rusproblematikk som hovudliding eller stort tilleggsproblem. Pasienten kan heller ikkje ha moderat til alvorleg suicidal atferd, psykoseliding eller bipolar liding.