Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny klinikksjef på plass

Anestesioverlege Kjersti Bergjord blir ny klinikksjef i Klinikk for akuttmedisin, medan stillinga som klinikksjef i Klinikk for kirurgi blir lyst ut på nytt.

Publisert 22.09.2016

Tre namn i ny leiarkabal for Helse Møre og Romsdal blei offentleggjort tidlegare denne veka, og no er dei siste to stillingane avklart. 

En kvinne som smiler til kameraet

 

Sjef for akuttmedisin på plass

Kjersti Bergjord (46) er tilsett som klinikksjef i Klinikk for akuttmedisin og startar i stillinga den 1. desember. Ho kjem frå Stavanger, men jobbar i dag som overlege i luftambulansen og ved anestesiavdelinga i Ålesund.

Bergjord har vore turnuslege i Molde før ho starta i Ålesund i 1999, og var avdelingssjef for anestesiavdelinga i Ålesund i tre år fram til 2010. Ho sat i rådgivargruppa for Nasjonal helse- og sykehusplan, og i tillegg er ho er tilsettrepresentant i prosjektstyret for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).
 

Ny utlysning

Stillinga som klinikksjef for Klinikk for kirurgi vil bli lyst ut på nytt.

- Vi har vore gjennom ein tilsettingsprosess med gode kandidatar til stillinga, men vel å lyse ut stillinga på nytt. Når vi ser utfordringane som ligg i stillinga sett opp mot dei rundane og vurderingane vi har gjort, så klarte vi ikkje å lande ei tilsetting, seier Espen Remme, adm.dir. i Helse Møre og Romsdal.

Remme trur det er vil vere potensielle søkarar som kan sjå at stillinga kan vere aktuell.

- No har det gått nokre månader sidan vi starta arbeidet med organisasjonsutvikling, og det kan vere kandidatar internt og eksternt som lettare ser konturane av kva ei slik stilling inneber. Det at leiarkabalen i store trekk er på plass kan kanskje også vere med på å gjere ein søknad meir aktuell for nokon, seier Remme.

Ny utlysing blir lagt ut innan kort tid.