Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt namn i leiargruppa

Ingar Pettersen var eit namn dei færraste kjente til, då adm. dir Espen Remme tirsdag utnemnde den nye leiargruppa i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 04.05.2016

En mann som står foran en datamaskin
 

Pettersen har lang erfaring mellom anna frå helsesektoren, og er tilsett i ei midlertidig stilling som klinikksjef for fem klinikkar som i den nye strukturen skal bli til to; klinikk for kirurgi og klinikk for akuttmedisin.

- Dei største endringane i ny organisasjonsmodell vil vere her, og vi gjer dette for å redusere risiko og sikre god drift i omstillingsperioden fram til årsskiftet, seier Remme.

Les også: Betydelege endringar i toppleiinga

Brei toppleiarerfaring

Ingar Pettersen har mellom anna vore administrerande direktør ved Ullevål Sykehus og Stavanger Universitetssykehus. Han har også vore direktør i Dagsavisen, ved Nasjonalmuseet  og økonomidirektør i Oslo kommune.

Dei seinare åra har han arbeidd som konsulent, og vore utleigd som toppleiar og leiar i store organisasjonar, både private og offentlege.

- Eg har vore innom ulike bransjar, men problemstillingane er ganske like. Det handlar om leiing og det å koordinere menneske og prosessar. Det er viktig å tydeleggjere utfordringane, og  å trekke menneska saman og prøve og løyse det, seier den nytilsette klinikksjefen.

Pettersen kjenner ikkje Remme frå før, men har følgt med i det som har skjedd i Møre og Romsdal, både fusjonsprosessen og lokalisering av nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

 - Eg er interessert i det som skjer i Helse-Noreg og følger med på dei store sakene. På same måte følger eg med på Drammen og Vestre Viken der lokalisering også har vore eit tema for debatt, seier Pettersen.

Bli kjent med sjukehusa

Framover vil han besøke sjukehusa og gjere seg kjent med leiarane i klinikkane og korleis dei ser på utfordringar og moglegheiter i forhold til avgjerda som er tatt.

- På den eine sida skal eg leie og koordinere arbeidet frå dei fem klinikkane inn mot leiargruppa, samstundes som vi skal ha ein prosess saman for å få ein ny struktur på nivå 3 og 4, seier Pettersen som ser fram til å starte samarbeide med både leiarar og tilsette.

Pettersen er tilsett i Helse Møre og Romsdal i ei midlertidig stilling. Han bur i Ålesund i den tida arbeidsavtalen gjeld.

Les bakgrunnsnotatet: Iverksetting leiarnivå 2 i HMR