Ønsker seg fleire blodgivarar
Blodbanken i Molde har fått nye og oppgraderte lokalar.
Kristoffer Nortun, Ragnhild Øvstedagl, Brit Valaas Viddal og May Lise Ervik testar fasilitetane i dei nye lokala.
Blodbanken i Molde har fått ny drakt og blitt nesten dobbelt så stor. Torsdag arrangerte dei open dag for å vise fram dei nye lokala og kanskje rekruttere fleire blodgivare. Over 30 tok turen innom.
Vil gjerne ha fleire givarar
- Vi er veldig nødge, og lurar vel eigentleg på korleis vi fekk kvardagen til å gå rundt tidlegare, seier fagbioingeniør Katrine Rindarøy.
I 2014 vart det tappa ca 1000 liter blod ved Blodbanken i Molde, og i snitt blir det utlevert mellom 40 og 50 posar blod per uke.
- Per i dag har vi ca 1300 blodgivarar, men vi ønsker oss gjerne fleire, seier fagbioingeniør Katrine Rindarøy.
Meir kriseblod
- Dei blodtypane folk flest har, blodtype A og 0, er det vi treng mest. Men det vi gjerne vil ha meir av er det vi kaller for kriseblod, 0 rhesus minus, som kan gis til alle pasientar, sier Rindarøy.
Ei blodgiving tar i snitt ca 30 - 45 minutter. Selve tappinga tar 7-10 minutter, medan givaranefår servert drikke.
- I tillegg får ein med seg ei lita gåve som takk for hjelpa etterpå, seier Rindarøy som oppfordrer folk til å tenke over om ein vil gjere ei innsats og gi blod.
F.v Ragna Ulset Aaram, Ragnhild Øvstedal, Eva Vilnes Guvåg og May Lise Ervik.
Publisert: 11.03.2016