Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Positiv utvikling men må stoppe auken i bemanning

Ei positiv utvikling i ventetider, fristbrot, sjukefråver og økonomisk resultat var noko av det som blei presentert for styret som status for september månad. Auken i månadsverk viser likevel at det er nødvendig å sette inn tiltak for å stoppe veksten.

Publisert 27.10.2016
Arkivbilde frå styremøtet i april.
Arkivbilde frå styremøtet i april.

– Vi gler oss over ting som går riktig veg, seier styreleiar Stein Kinserdal om tala som blei presentert i styremøtet i Helse Møre og Romsdal. Samtidig stiller han spørsmål om tala er resultat av forbetringsstrategien og drakrafta frå leiarskapet, eller om det er tilfeldige variasjonar. 

– Det er nok for tidleg å ta resultatet på forskot, men dette er eit veldig godt signal, seier styreleiaren.

Status for september

Styret fekk høyre at gjennomsnittleg ventetid for pasientar var 63 dagar i september mot 81 dagar same månad i 2015. Gjennomsnittleg ventetid for dei som framleis ventar var 50 dagar i september 2016. Kravet til helseføretaket er at ventetida i snitt skal vere under 65 dagar. To faktorar har ført til at HMR har ventetider innanfor kravet:

  1. Det er å setje pasientane direkte på time
  2. Prioritere pasientar som har måtta venta lenge

– At ventetida er går ned, blir tatt veldig positivt imot blant pasientane som blir tilvist, seier styremedlem Svein Anders Grimstad. Han oppmoda helseføretaket til å jobbe vidare med å sette pasienten direkte på time, også fordi nokre av tenestene ikkje har starta opp ordninga.

I september var det 68 fristbrot, noko som er ein klar nedgang frå same periode i 2015. Gjennom sommarmånadane har helseføretaket ein klar nedgang i talet på utskrivingsklare pasientar, medan ein ser ein auke frå august til september. 

– Eg vil rose våre tilsette for fantastisk innsats på alle nivå, seier adm.dir. Espen Remme som peiker på at ein av hovudutfordringane framover er bemanningsstyringa.

– Sjølv om det er gode forklaringar på kvifor talet på månadsverk aukar tilseier økonomien vår at talet må ned, seier Remme som har ei samla leiargruppe bak seg i at dette ikkje kan fortsette.

Helseføretaket ligg i september 2,4 millionar kroner bak resultatkravet, og hittil i år ligg ein 52,6 millionar bak kravet. Aktiviteten er om lag den same som i 2015.

Sjukefråveret har gått ned til 7,3 % medan det hittil i år er på 7,8 %. Netto månadsverk viser ei auke i september i forhold til same månad i 2015. Samtidig viser tala at det er ein nedgang i bruk av overtid.

Kva med 2017

Budsjettarbeidet er i gang og foreløpige inntekstrammer er fordelt internt.
– Leiargruppa har lagt til grunn eit prinsipp om at skal éin lykkast må alle lykkast, noko som er eit godt grunnlag for å finne løysingar, seier økonomidirektør Heidi Nilsen.

Hausten 2017 skal Helse Møre og Romsdal også levere utviklingsplanen som skal seie noko om utviklinga av heile føretaket.

– Utviklingsplanen blir vår svenneprøve. Vi oppnår mykje meir kreativitet, engasjement og energi når vi utfordrar kvarandre på kva vi kan få til saman enn når vi snakkar om kva som skal vekk. Det er mykje lettare å hente ut kvalitet som forbetringspotensiale når vi vil kvarandre vel. Ein sånn inngang til diskusjonar vil eg ha, og dei står likevel ikkje i motsetning til utvikling, seier Remme.