Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regjeringa sin tiltakspakke - bruk av midlane i HMR

Helse Møre og Romsdal har fått tildelt 42,5 millioner gjennom regjeringa sin tiltakspakke i 2016. Føringar for midlane er at dei skal gå til tiltak som gir effekt for sysselsettinga, og ikkje brukast til materiell eller utstyr.

Publisert 09.03.2016

- Helseføretaket har ingen investeringsmidlar i 2016 slik driftsresultatet vårt er no, så desse millionane gjer oss i stand til å gjennomføre nokre investeringar i år. Betrar vi resultatet for 2016 i helseføretaket gir det også meir pengar til vedlikehald og investeringar, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal. Han fortel at prioriteringa av tiltak har vore ei vanskeleg avgjerd. - Vi veit at behovet for investeringar er mykje større enn det desse midlane kan dekke opp. Men det betyr at vi får gjort noko, seier direktøren.

 

Innspel frå alle klinikkar

Leiargruppa i helseføretaket har fått innspel frå alle klinikkane og gjort ei prioritering der dei har lagt spesielt vekt på kritisk infrastruktur. –Kritisk infrastruktur vil seie alt som har med straum, vatn, avløp, teknikk i veggar og tak og så vidare, seier drift- og eigedomssjef Mona Aagaard-Nilsen.  Ho fortel at tiltaka som no skal gjennomførast mellom anna går på å sikre naudstraum både i Volda, Ålesund og på Aure. Av dei fire sjukehusa i fylket reknast bygget i Kristiansund og Volda for å vere i ein betre teknisk stand enn sjukehusa i Ålesund og Molde, og hovuddelen av tiltaka er også knytt til desse.

Tiltak i HMR

  •  Base luftambulanse Ålesund – sluttføring av tiltak frå 2015
  • Lab Ålesund – sluttføring av tiltak frå 2015
  • Hørselsentral Ålesund – sluttføring av tiltak frå 2015
  • Operasjonsavdelinga Ålesund – sluttføring av tiltak frå 2015
  • Alarmanlegg Hjelset – sluttføring av tiltak frå 2015
  • Varmmat kjøkken Ålesund – gjennomføring av tiltak prioritert i 2015
  • Grunnkjøp Volda
  • Naudstraum Volda
  • Hovudtavle/kjøling Ålesund
  • Naudstraum Aure
  • Kabling trådlaust nettverk i Volda og Ålesund
  • Kjølerom medisinsk biokjemi Ålesund
  • Tiltak i avdeling for medisinsk mikrobiologi Molde
  • Vedlikehald av obduksjonssal Ålesund
  • Gastrolab Ålesund
  • Energimerking bygg
  • Produksjonskjøkken Hjelset
  • Sterilsentral Molde
  • Brannsikring- og inneklimatiltak Molde sjukehus

Les meir om tiltakspakken her (regjeringen.no)

Publisert: 05.02.2016