Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Resultat etter pasienterfaringsundersøkinga 2016

I Helse Møre og Romsdal har 882 pasientar har svart på den årlege pasienterfaringsundersøkinga PasOpp.

Publisert 02.08.2016

Bildet viser pasient og helsepersonell på sengepost. Illustrasjonsfoto: Kristin Støylen
Pasient og helsepersonell på sengepost. Illustrasjonsfoto: Kristin Støylen.

Den høgste poengskåren Helse Møre og Romsdal har fått i undersøkinga er på spørsmålet «Snakka pleiepersonelet til deg slik at du forstod dei?». Her har 88 prosent svart «I stor grad/i svært stor grad» 10 prosent har svart «i nokon grad» og 2 prosent har svart «ikkje i det heile tatt/i lita grad». 86 prosent svarer også «I stor grad/i svært stor grad» på spørsmålet om deira pårørande blei tatt godt i mot av personalet på sjukehusa. 

– Det er svært gledeleg at pasientane og pårørande har gode erfaringar i møte med pleiepersonellet ved sjukehusa våre, seier medisinsk fagsjef Mariann Hagerup Gammelsæther.

Ligg på landsgjennomsnittet

I store trekk ligg resultata frå undersøkinga på same nivå som tidlegare år. Helse Møre og Romsdal totalt sett ligg om lag på landsgjennomsnittet på alle indikatorane bortsett frå indikatoren Standard. På ein skala frå 0 – 100 er landsgjennomsnittet for standard 73 poeng, medan Helse Møre og Romsdal har fått 69.

– Her veit vi at vi har utfordringar, og dette blir det jobba med, seier Gammelsæther.

– Molde sjukehus skårar dårlegast på standard. Dette understrekar behovet for nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal (SNR), og det er god framdrift i dette prosjektet. I tillegg er det frå 2013 gjort store, årlege investeringar i ulike inneklima- og brannsikringstiltak ved Molde sjukehus. Trass i ein dårlegare skåre enn landsgjennomsnittet, er det positivt at vi likevel kan sjå ei signifikant forbetring av standarden frå pasienterfaringsundersøkingane i 2011 - 2015 , legg ho til.

Volda sjukehus med best resultat i Møre og Romsdal

– Vi er glade for at pasienterfaringsrapporten viser at pasientane ved Volda sjukehus gir så positive tilbakemeldingar om opphaldet dei har hatt ved sjukehuset. Undersøkinga viser at Volda skårar betre enn landsgjennomsnittet på alle indikatorane. 89 prosent meiner dei ikkje må vente lenge, og pasienttryggleiken viser ei forbetring frå 2014 og tidlegare år. Dette er god lesing, seier Gammelsæther.

Må bli betre på informasjon ved utskriving

Den lågaste poengskåren Helse Møre og Romsdal har fått i undersøkinga er på spørsmålet «Blei du informert om kva plager du kunne rekne med å få i tida etter sjukehusopphaldet?». Her har 49 prosent svart «I stor grad/i svært stor grad» 22 prosent har svart «i nokon grad» og 29 prosent har svart «ikkje i det heile tatt/i lita grad».

– Her må vi bli betre. Pasientane har behov for både skriftleg og munnleg informasjon for å få ei god forståing av eigen helsetilstand i samband med sjukehusopphaldet. Når det gjeld den skriftlege informasjonen er vi i gang med konkrete prosjekt som kan betre opplevinga for pasientane. Helse Møre og Romsdal er ein del av eit nasjonalt prosjekt som går ut på å gi pasientar informasjon om diagnose og behandling på nett. Her legg vi ut informasjon om kva som skjer før, under og etter behandlinga/undersøkinga. Vi har kome godt i gang med dette arbeidet, og lanserte dei nye sidene i mars 2016, som eit av dei første helseføretaka i landet.

Les også: Helse Møre og Romsdal lanserer pasientens nettstad

Hovudtrekk frå sjukehusa

Volda sjukehus

Volda sjukehus ligg over landsgjennomsnittet på alle indikatorane, og skil seg ekstra positivt ut på indikatorane legane, informasjon, organisering og pårørande.

Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus ligg over landsgjennomsnittet på sju av ni indikatorar, og skårar høgst på spørsmål kring fagleg dyktigheit, tillit, omsorg og om personalet snakka til pasienten slik at han forstod.  

Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus ligg over landsgjennomsnittet på fem av ni indikatorar, men kjem signifikant dårlegare ut på indikatoren «standard». Sjukehuset skårar høgst på spørsmål kring fagleg dyktigheit, tillit, omsorg og om personalet snakka til pasienten slik at han forstod.  

Molde sjukehus

Molde sjukehus skil seg ikkje signifikant frå landsgjennomsnittet, men ligg under snittet på åtte av ni indikatorar. På indikatoren «standard» viser undersøkinga at Molde sjukehus er betydeleg dårlegare enn landsgjennomsnittet, trass i ei positiv utvikling frå pasienterfaringsundersøkingane 2011 – 2015. Sjukehuset skårar høgst på spørsmål kring fagleg dyktigheit, tillit, omsorg og om personalet snakka til pasienten slik at han forstod. 

Fakta

  • Kunnskapssenteret har sidan 2011 utført årlege, nasjonale brukarerfaringsundersøkingar blant vaksne døgnpasientar ved somatiske sjukehus på oppdrag frå Helsedirektoratet. Pasientar innan psykiatri, dagbehandling og barn og unge ikkje er inkludert.
  • 882 pasientar har svart på undersøkinga i Helse Møre og Romsdal (60 prosent av dei spurte).
  • Totalt har 12 884 pasientar frå 61 sjukehus deltatt i undersøkinga

Kategoriane i undersøkinga

  1. Pleiepersonalet
  2. Legane
  3. Informasjon
  4. Organisering
  5. Pårørande
  6. Standard
  7. Utskriving
  8. Samhandling
  9. Ventetid

Rapportar frå pasienterfaringsundersøkinga (PasOpp) 

Pasienterfaringar med norske sjukehus i 2015. Resultat etter ei nasjonal undersøking (kunnskapssenteret.no)