Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandlinga på rett veg

Gode pasientforløp, samhandling på tvers og pasientbehandling på rett nivå til rett tid, var berre nokre av fleire tema som samhandlingssjefen i Helse Midt-Norge, Daniel Haga og kommuneoverlegen i Ørsta og Volda, Arne Gotteberg løfta fram under årets samhandlingskonferanse.

Guri Viken
Publisert 04.11.2016
Sist oppdatert 07.11.2016
En gruppe mennesker som sitter ved et bord og smiler

- Kommunane og Helse Møre og Romsdal samhandlar stadig betre om tilbodet til pasientane, men vi står samtidig framfor krevjande utfordringar som må løysast, var bodskapen til Gotteberg. 

Les presentasjonane frå konferansen

Stort engasjement

220 tilsette frå ulike delar av helsetenesta i fylket hadde møtt fram på konferansen for å dele og høre om korleis pasienttilbodet kan utviklast best mogleg i framtida, og Haga roste engasjementet frå deltakarane.

- Det er ikkje mange år sidan vi måtte bruke pisk for å få folk til å møte opp på konferansar om samhandling. At så mange deltek i år fortel meg at vi er på riktig veg, sa Haga under sitt innlegg. 

En mann med briller

Likeverdige partar

Gotteberg trakk fram samhandlingsavtalene mellom kommunane og helseføretaket i sitt innlegg. Han la vekt på at det er vesentleg å sjå på kvarandre som likeverdige partar som deler mange felles målsettingar og utfordringar.  Han viste til Sjustjerna som eit av fleire eksempel på vellukka samarbeid mellom kommunar. Sjustjerna er eit nettverk kor kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda har gått saman om felles saksutgreiing og oppgåveløysing av helsetenesteoppgåver.

- Sjustjerna har saman med Sjukehuset i Volda utvikla ein palliativ behandling for våre pasientar. Ved å samarbeide har vi greidd å tilby samanhengande tenester og same opplegg enten pasientane vert behandla i sjukehuset, i den lokale sjukeheimen eller i eigen heim, fortalte Gotteberg.

Komplekst utfordringsbilete

Mot slutten av sitt innlegg beskreiv Gotteberg ein tøff kvardag for mange tilsette i den kommunale helsetenesta i fylket.

- Vi opplever dessverre at oppgåveoverføringane til kommunane går vel fort. Nokon over og utanfor oss definerer kva vi skal gjere utan å sjekke om kartet stemmer med terrenget. Dei kommunale tenestene  er ikkje robuste nok og rammevilkåra er ikkje gode, sa Gotteberg.

En mann og en kvinne som håndhilser


Samhandlingssjef Daniel Haga, som er godt kjent med kommunane sine utfordringar, beskreiv korleis Strategi 2030 som skal behandlast i styret i Helse Midt-Norge 11.november, vil peike retning for korleis spesialisthelsetenesta skal møte samfunnets behov for helsetenester i framtida.

- Utfordringsbilete er felles og for å løyse framtidas utfordringar må heilskapstenking til. Laget består av alle som bidreg i helsetenesta. Vi må spele kvarandre gode og utnytter kvarandre sine fortrinn, avslutta Haga.