Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Søker prosjektdirektør til SNR-prosjektet

Sykehusbygg skal tilsette ny prosjektdirektør til prosjektet «Nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal». Den nye prosjektdirektøren vil ta over leiinga av prosjektet når forprosjektet startar ved årsskiftet.

Guri Viken
Publisert 25.06.2016
Sist oppdatert 28.06.2016

– Vi ser etter ein tydeleg prosessleiar som har omfattande erfaring med å leie store, komplekse byggeprosjekt. Oppgåva er eit prosjekt med stor verdi for samfunnet, og som får betydeleg merksemd, seier administrerande direktør Ann Elisabeth Wedø i Sykehusbygg.

Remen bytter rolle

Bjørn Remen frå Sykehusbygg er prosjektdirektør i konseptfasen av prosjektet, men vil tre tilbake i rollen som viseadministrerande direktør i Sykehusbygg frå januar 2017.

- Vi er takksame for den gode og konstruktive innsatsen Bjørn Remen og Sykehusbygg har lagt ned så langt i planlegginga av SNR-prosjektet. Vi ønskjer ny prosjektdirektør velkommen med på laget for å realisere eit særs viktig prosjekt for oss og for befolkninga i Nordmøre og Romsdal, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme.

Framdrift i prosjektet

Konseptrapporten vil vere ferdig frå prosjektorganisasjonen 15.august, og blir lagt fram til orientering i styret i Helse Møre og Romsdal 30-31.august. Rapporten blir vidare sendt ut på høyring i september og oktober. Sakshandsaming av konseptrapporten skjer i styret i Helse Møre og Romsdal 25.november og i styret i Helse Midt-Norge 15.desember i år.