Stort engasjement rundt planleggingsgruppene i SNR
Fredag vart det kjend kven som skal delta i planleggingsgruppene i delfunksjonsprogrammet til SNR.
Delfunksjonsprogrammet i SNR omhandlar funksjonar og delfunksjonar og speler ein nøkkelrolle i å definere korleis spesialisthelsetjeneste tilbudet på Hjelset og i Kristiansund skal bli.
(SNR=nytt akuttsjukehus på Hjelset og poliklinikk og dagbehandling/distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.)
– Responsen har vore utruleg stor og fleire hundre er innmeldt i planleggingsgruppane. Vi er takknemlege for at engasjementet kring dette er så stort, seier prosjektleiarane Astrid Johanne Brandshaug og Merete Hagbø.
Ni grupper
Til saman er det satt opp ni planleggingsgrupper som skal ta hand om kvart sitt område. Disse ni er:
- Sengeområder
- Poliklinikk/dagkirurgi/dagbehandling
- Akuttmottak
- Bildediagnostikk
- Operasjon/intensiv
- Psykiatri
- Ikke-medisinsk, teknikk
- Kontor/forsking/undervisning
- Laboratoriemedisin/legemiddelforsyning
Kriteria for utnevning har vore at det skal vere i snitt tolv i kvar gruppe, og at det skal vere majoritet i gruppane av dei som representerer faget eller ledelse av tenesta.
Gruppene skal vere satt saman med brei kompetanse innanfor kvart fagområde.
- Prosjektet har tillate at ei gruppe er større enn dei andre; poliklinikk og dagområde. Det er fordi denne verksemda skal finnast både på Hjelset og i Kristiansund og vil bli ei vesentleg planleggingsgruppe, seier prosjektleiarane.
Les også: I startgropa på SNR-diskusjonar kring tilbod i Kristiansund.
Arealførande faktorer
I delfunksjonsprogrammet og skisseprosjektet er det dei arealførande faktorane gruppane i hovudsakleg skal utrede og planlegge. I samanheng med framtidige driftsformar og utvikling skal dette ende opp i eit romprogram.
– Det er ikkje like naturleg for alle områder å delta i delfunksjonsprogrammet. For nokre blir det meir viktig å delta når vi kjem i forprosjektet, seier prosjektleiarane.
Da det fortsatt kan bli nokre justeringar i gruppene, blir den endelege lista over dei som skal delta i gruppene sendt ut over helga.
Oppstarten for planleggingsgruppene blir 2. februar og arbeidet skal vere ferdig i april.
Sjå presentasjonen Medvirkning planleggingsgrupper DFP og Skisseprosjekt2 (pdf)
Publisert 14.01.2016