Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strammar inn ytterlegare, men held fram satsinga på forbetringsarbeidet

- Vi må først ta ned kostnadene på det som ikkje verker direkte inn på pasientbehandlinga, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal. I budsjettsaka i styremøtet i desember blei det lagt fram tiltak for å nå budsjettmåla for 2016. På utfordring frå styret har helseføretaket lagt fram ei berekning på kor sannsynleg det er at tiltaka vil halde stikk når året er omme.

Trine Kvalheim
Publisert 01.02.2016

Oppfølging budsjett 2016 skal opp til styrebehandling 27. januar

- Styret ga klart uttrykk for at dei var bekymra for inngangsfarta i 2016, og ba oss om å sette i verk tiltak for å sikre ei riktig utvikling, seier Remme. I neste veke legg han fram ei sak for styret der han mellom anna viser til at det er stor sannsynlgheit for at tiltaka vil bli realisert (83 %). I tillegg arbeider ein spesielt med nokre område og desse er:

  • Forlenge planleggingshorisonten for å optimalisere ressursbruken og få betre oversikt (t.d. time direkte)
  • Prioritere ressursar til aktivitet som gir verdi for pasientane• Redusere innleie av vikarar
  • Vurdere tal på vaktordningar og omfang
  • Halde stillingar vakante
  • Reduksjon av overtid
  • Endring av arbeidstidsavtalar som fordyrar vakt og drift
  • Ta vekk aksjonsretta driftsformer som kan handterast i ordinære drift
     

Adm. direktør innfører også ein avgrensa innkjøpsstopp, avgrensing i reiseverksemd og opnar ikkje for å etablere nye tilbod eller stillingar før ein har eit driftsnivå i balanse i klinikken eller avdelinga det gjeld.
- Vi må få ned dei samla kostnadane innan til dømes reiseverksemd, overtid og innleige av vikarar, seier Remme når han blir utfordra på kva ein kan ta tak i utan at det går direkte ut over pasientbehandlinga.
Sjølv om delar av desse kostnadane er knytt til å halde eit tilbod ope ved til dømes sjukefråver, så forklarer det likevel ikkje all veksten vi har på desse områda. Auken i overtid kan heller ikkje direkte forklarast med ein auke i aktivitet, så dette ser vi nærare på, seier Remme. Sjølv om ein kjem med ytterlegare innstrammingar, held direktøren fast på at det er arbeidet med forbetringar som er hovudstrategi for korleis helseføretaket skal komme i mål.
– Eg har tru på at skal vi få til varige endringar må vi sjå på korleis vi kan gjere ting betre i morgon enn det vi gjer i dag, seier Remme og fortset: -Dette gjeld ikkje berre innanfor pasientbehandlinga, men det går også på korleis vi gjer det administrative arbeidet, organiserer tenestene våre og samhandlar. Han meiner dette er eit tenkesett som mange har i dag, men som vi kan bli enda betre på. 
 
Les styresakene til møtet 27. januar.
Styremøtet startar kl. 10:00, og du kan følgje møtet direkte via streaming.

 

Publisert: 21.01.2016