Topptur som medisin
Denne veka starta det medikamentfrie behandlingstilbodet i psykisk helsevern.
Mens pasientane svetta seg opp til fjelltoppen Fingeren ved Standal i Hjørundfjorden, kunne prosjektleiar Anja Bjørkavåg glede seg over at det regionale, medikamentfrie behandlingstilbodet ved DPS Vegsund endeleg er i gang.
– Dette har vi gleda oss til. Vi er veldig klare for å gjere ein innsats og jobbe for at pasientane skal få ei varig endring i liva sine, seier prosjektleiaren.
Anja Bjørkavåg
Intensivt opplegg
Denne uka vart dei tre første pasientane tatt imot til medikamentfri behandling i psykisk helsevern ved DPS Vegsund. Programmet er kjenneteikna som svært intensivt.
– På ein vanleg dag legg vi opp til tre terapeutiske tiltak, anten individuelle eller i gruppe på tre. Måndag var det rett på, fortel Bjørkavåg.
Les også: Slik er den medikamentfrie behandlinga i psykisk helsevern.
I mars fekk DPS Vegsund oppdraget med å etablere ei medikamentfri eining for Midt-Noreg. 1. mai kom mandatet, og frå då har det vore ein intens periode med å få folk på plass og utvikle tilbodet.
Ein viktig del i etableringa av tilbodet har vore medverknad frå brukarane. Det er brukarorganisasjonane som har etterlyst eit slik tilbod, og i tråd med visjonen om pasienten sin helseteneste har helse- og omsorgsminister Bent Høie bedt alle regionale helseføretak om å etablere medikamentfrie avdelingar.
– Det har vore spennande å bidra i denne prosessen, og eg har veldig trua på måten dei har satt saman dette tilbodet på Vegsund, seier brukarrepresentant Eva-Brit Langva.
– Det er kjempeflott at det kom så raskt på plass i Helse Midt-Noreg, og i løpet av året kan ein seie noko om korleis tilbodet fungerer, legg ho til.
Medisinfritt behandlingstilbod i støypeskeia
Sjå fleire bilete på Helse Møre og Romsdal si Facebook-side.
Kven kan få tilbod om medikamentfri behandling?
Personar med til dømes kronisk depresjon og angst eller langvarige relasjonsproblem/personlegheitsproblematikk.
Dette er behandlingsformene:
- Intensiv, dynamisk korttidsterapi (ISTDP)
- Fysisk aktivitet
- Kosthald/ernæring
- Aktiviserande miljøterapi
- Gruppeterapi/psykoedukasjon
- Musikkterapi
- Mindfullness